LESERINNLEGG:

Møreaksen til nytte for heile regionen

MØREAKSEN: Hengebru mellom Otrøya og fastlandet er del av Møreaksen.  Foto: Illustrasjon: Rambøll / Statens vegvesen

Leserinnlegg

Samferdselsprosjekt av ein viss storleik, som til dømes Møreaksen, tek det som hovudregel tiår etter tiår for å bli klarlagt. Beslutningstakarar og andre vert pålagt omfattande planlegging og utgreiingar som for eksempel: kommunedelplanar, traséval og tallause konsekvensutgreiingar og analyser på omtrent alle tenkelege område, lokalt, regionalt og nasjonalt. Då avgjer regjering og storting den endelege avgjerda om prosjekta, etter å ha blitt prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP).

Underteikna har tidlegare peika på at ingen større samferdselsprosjekt i Møre og Romsdal, og elles i landet, har greidd desse utallige maratonløpa som store samferdselsprosjekta krev, på under 32 år. Dessverre.

Som alltid og heller ikkje uventa, når Møreaksen endeleg har vore igjennom alle desse tiåra med planlegging og utgreiingar, og er såkalla «gryteklar», kjem dei sedvanlege krava om andre traséval, omkampar eller å skrinlegge slike prosjekt med forskjellige grunngjevingar og motiv. Ofte med elendigheitsbeskrivingar og påstandar mot Møreaksen, som ein antakeleg må innom Det Gamle Testamentet for å finne meir synd, skam og elendigheit som kan og vil kunne ramme oss.

Det var som kjent lite entusiasme og tru på Krifast, Atlanterhavsvegen og Eikesundsambandet då desse prosjekta var aktuelle å gjennomføre, og alle motstandarane som den gongen meinte at dette ikkje var liv laga. Om dei tok feil, veit dei vel best sjølv, men det er stor grunn til å tru at dei har blitt til gode samfunnsnyttige prosjekt og til glede for svært mange.

Fleirtalet i Aukra kommunestyre tok heller ikkje på seg framtidsbukse eller kjole for ein del år sidan, då dei med ulike grunngjevingar og motiv, ikkje ville gå for Møreaksen, Kjerringsundet og fastlandssamband. Og slik dei sjølv beskreiv det: Torpedere bru Gossen – Oterøya, og heller ikkje ta stilling til fastlandssamband, før Møreaksen og brua er med i Nasjonal Transportplan. Denne manglande viljeserklæringa, nødvendig planlegging, og utviklingsansvaret som kommunestyret den gongen viste og vedtok, utanom Venstre og Arbeidarpartiet sine representantar, var det ikkje muleg å forstå. Vedtaket vart som kjent møtt med stor undring og overrasking frå omtrent alle hald, unntatt frå fleirtalet i kommunestyret den gongen.

Heldigvis og slik eg ser det, har vi dei siste åra og periodar fått eit meir positivt og framtidsretta kommunestyre i Aukra kommune på desse områda. Og i NTP om Møreaksen, kom som kjent på plass i 2017/2018. Eg innrømmer det gjerne, å vere ordførar den gongen med det negative, defensive og passive vedtaket, var ein nedtur og vanskeleg å forstå. Då er det større grunn til optimisme og tommelen opp, for ordføraren og mange andre, då Aukra kommunestyre på nytt fekk seg førelagt saker om Møreaksen og Kjerringsundet dei siste åra, med udelt positive vedtak til prosjekta. Det finn eg grunn til å rose Aukra kommunestyre for.

Derfor: Møreaksen har gjennom utallige år, vore gjennom all nødvendig planlegging, vurderingar, konsekvensutredningar, analyser og politiske vedtak, som det er stilt krav om. Stafettpinnen for Møreaksen er klar til å bryte mållinja etter om lag 33 års maratonløp.

Bernhard Riksfjord, ordførar i Aukra (Ap)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal