Leserinnlegg

– Helge Orten, E-136 er fyrsteprioritet

«Når har du Helge, tenkt å framsnakke og sørge for at både planlegging og finansiering av alle dei prioriterte prosjekta på E-136 vert gjennomført?»
Leserinnlegg

Gong etter gong høyrer vi Høgre og Helge Orten snakke varmt om sitt gigantprosjekt til 37 milliard kr og hundredevis av meter under fjorden, Møreaksen.

Og, ikkje kom med dette at det «kun» skal koste 24 milliard kr, alle veit at frå dette stadiet og til bygging aukar prosjekta med minst 40%, og då er vi nok meir i nærheita av 40 milliard kr vil vi tru.

Orten er rimeleg klar over realitetane i vår regjering og i Stortinget, der budsjetta framover sansynligvis ikkje blir ein stor «pengefest», med bakgrunn i at veksten og utviklinga i landet faktisk går bra.

Per i dag set Orten og fleire, og ser på at Statens Vegvesen brukar sine planleggingsresursar på bypakke Ålesund og Møreaksen, istaden for å gjennomføre planlegginga på dei prosjekta som står på topp i NTP her i fylket, nemleg prosjekta på E-136.

E-136 Flatmark-Monge-Marstein og E-136 Brustugelia-Rødstøl til Oppland grense, står i planen 2018-2023, og er verken planlagt eller finansiert.

Desse to prosjekta samla skal ha milliardløyvingar frå Statsbudsjetta framover.

Det same gjelder ca. 3 milliard kr til E-39 Betna-Stormyra, og krabbefelt over Ørskogfjellet skal også på plass.

«Kvifor har du all din fokus på prosjekt som ligger langt fram i tid, istaden for å framsnakke det som burde vore prosjektert ferdig for lengst og som faktisk ER prioritert?»

Helge Orten og vi andre i regjeringspartia veit så inderleg vel, at å tru på «julenissen» og kunne få fleire titals milliard kr til eit prosjekt som fjordkryssing av Romsdalsfjorden, overhode ikkje er realistisk før dei prioriterte prosjekta som faktisk er prioritert i NTP i 2018-2023 vert realisert.

Derfor har vi god tid til å utgreie flytebruer og Romsdalsaksen, samt gjere ei skikkeleg vurdering av ferjedrifta.

«Derfor er det no flott å konstanterer at det kun er AP og Høyre som fortsatt står i spagat og tviholder på ein gammaldags og miljøfiendtlig undersjøisk tunell, og som ikkje ynskjer flytebruer og Romsdalsaksen utgreidd»

Eit fleirtal for å utgreie flytebruer og Romsdalsaksen er innan rekkevidde, dersom du som innbyggjar ynskjer dette, må din stemme gå til parti som ynskjer dette.

FrP er klokkeklar på at vi har god tid til å kunne utgreie flytebru og Romsdalsaksen, samt få ei skikkeleg vurdering av fleire ferjer og betre frekvens over Romsdalsfjorden.

Frank Sve, fylkesordførarkandidat, fylkesleiar og gruppeleiar for Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal