LESERINNLEGG

Senterpartiet og Møreaksen!

Kva meiner egentlig Sp angåande Møreaksen, flytebruer og Romsdalsaksen?

– Kven styrer i realiteten politikken i SP, Sørheim, eller Lien/Tryggestad? spør Frps fylkesleiar Frank Sve i dette innlegget. 

Leserinnlegg

Fyrstekandidat Kristin Sørheim er som vanleg klar på at flytebru og Romsdalsaksen skal utgreiast.

Ho er både truverdig og er å stole på, men kva med dei to karane på 2. og 3. plass på Sp-lista?

Det er vide kjent at Geir Inge Lien  og Jan Ove Tryggestad er solide fotsoldatar til Torgeir Dahl i det meste.

Dei begge er ihuga Møreaksen tilhengarar, og spretter raskt opp og støttar Torgeir Dahl og miljøet ikring han i alle saker straks han seier «hopp».

Tryggestad som leiar av det såkalla Sunnmøre regionråd, har stort sett engasjert seg i alt anna enn Sunnmørssaker, og har vore ein meget sterk forkjempar for Møreaksen, og gong på gong grundig avvist alle mulige utgreiingar av flytebruer og Romsdalsaksen.

Geir Inge Lien på same viset, ihuga Møreaksen tilhengar, og «diltar» etter Torgeir Dahl i Romsdal regionråd i alle saker, også dei Sp er imot.

I tillegg er ordførar i Fræna fylkesleiar i Sp, og kva ho meiner om saka er mildt sagt uklart.

Dobbelt- eller trippelkommunikasjon er Sp sitt varemerke, men kanskje dykk innbyggjarar burde få vite kva dei ulike partia eigentleg står for?

Frp ynskjer flytebru og Romsdalsaksen utgreid, samt styrka fergekapasitet over Romsdalsfjorden ved enda ei ferje på plass og styrka dag og natttilbod. Dette er tydeleg og klart forankra frå alle våre kandidatar.

Slik det ser ut no, kan det bli eit solid fleirtal i det nye fylkestinget for dette, men då må Sp vere klokkeklar på kva dei eigentleg meiner om saka.

Kven styrer i realiteten politikken i SP, Sørheim, eller Lien/Tryggestad? Flytebru/Romsdalsaksen, ekstra ferjekapasitet, eller Møreaksen – det er spørsmålet!

Frank Sve,
fylkesordførarkandidat,
fylkesleiar og gruppeleiar
i Møre og Romsdal Frp

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsporta