LESERINNLEGG

Molde si Bypakke er lik milliardar i bompengar!

Over heile landet kjem sanninga fram om Bypakkane; dei skal ikkje betalast over statsbudsjettet men over det urettvise bompengesystemet.
Leserinnlegg

Ein hodeskatt som gjer at dei som har minst ikkje får råd til å bruke bil. Dei som har mest har fått skatten sin redusert via mindre inntekts og formueskatt og treng ikkje endre adferd og kan kjøre som før. Ofte får dei og dekt utgiftane av jobben.

Det merkelege er at det er Frp, bompengemotstandar over alle bompengemotstandarar som sit med samferdsleministeren og heile tida sender ut milliardar i bompengerekning til folk flest. Nokken plassa er det rekna ut 30 tusen kroner i året for ein barnefamilie. Det er urimeleg.

I SV er vi for bompengar der det er fornuftig og ikkje der staten vil unndra seg å betale for veg. I Molde var Frp og SV i mot Bypakken og så kom Borgerlisten i perioden deretter og slutta seg til. Molde SV la fram mange forslag som ville gjere investering i tunell og 4 felts veg bortkasta og folk ville sleppe bompengar. Gjennomgåande sykkelveg ville bli bygd. Strøing og brøyting der og på fortau ville komme først.

Ideen om Bypakke er å bygge masse bilvei og så tru at bilkjøringa går ned, fordi bilistane sine bompengar brukes til å bygge gang og sykkelvegar samt auke på med buss. Ingen trur vel på dette.

I Molde er det slik at Bypakke betyr Europaveg inn og ut av byen i tunell. Alle forstår at dette er ei belastning på bomiljøet og bymiljøet.

Som kommunestyrerepresentant er eg svært opptatt av eit levande sentrum. Det betyr at dei som driv butikk må få kundar og at det legges til rette for leik og kultur slik vi gjer no på Sjøfronten.

Drop in parkering blei lettare når elbilane ikkje fekk fordelar lenger. Og korfor skulle ein elbil ha fordel her? Han tar like mykje plass, sjølv om han forureinar mindre. 

Mykje av parkeringa i Molde er subsidiering av tilsette i Molde kommune under rådhuset, tilsette på Fylkeshusa mellom Seilet og Aker stadion samt av Olav Thon som leier superbilleg av kommunen. Det vil sei subsidiering av dei som handlar og jobbar på kjøpesenter. 9 tusen kroner i året betalar dei som parkera i tunellen. Noko heilt anna enn dei tilsette og kundar på kjøpesenter. Korfor skal Molde kommune drive slik subsidiering?

Og kundane som alle pratar så høgt om og som alle ønsker så velkommen til sentrum kjem etter at alle parkeringsplassane er opptatt må betale dyrt i høve eigarane og tilsette i butikkane.

Verst er det kanskje med dei etatane på Fylkeshusa som styrar med kollektivtrafikk og FRAM buss og vil at vi andre skjal gjere slik og slik, mens dei sjølv har tilnærma gratis parkering i sentrum. Ein arealbruk som ikkje er akseptabel i alle lærebøker i samfunnsplanlegging og subsidiert av alle innbyggarane i Molde.

Sjølv kom eg på eit møte i Møre og Romsdal Fylke på Borgund i Ålesund med buss og fekk beskjed om at eg måtte innfine meg til rett tid. «Ja eg kom no med rutebilen til Møre og Romsdal Fylke så ein skulle tru det var samkøyring på dette». Men nei.

Eg har i det siste hatt kontakt med lastebileiere og sjåførar og fått forklart kor lite lønnsamt det er å ha dei ståande i kø. Dei vil ikkje ned i undersjøisk tunell og vil ikkje kjøre gjennom boligområder om dei kan sleppe. Lastebilane må gå for at samfunnet skal fungere, men dei vil ikkje kjøre unødig. Korfor legg politikarane opp til at lastebilane må kjøre der dei ikkje vil?

Mange vil sikkert tenke at eg er krass i argumentasjonen og at eg peikar ut nokken. Og ja slik blir det fordi eg trur vi alle sit i bilfella. Vi klarar ikkje å velje bort bilbyen. Vi vil alle ha ein levande by, pulserande av liv som ei blodåre utan ei å av bilar som dominera heile bybildet. Vegen dit må skje i samhandling med forskarar, kundar, næringsdrivande samt dei som brukar byen på alle vis og vi politikarar som skal fatte vedtak.

Mitt bidrag er å gå til val på å gjere det eg kan for å stoppe E 39 gjennom Molde og for å hindre Bypakken å ilegga folk tusenar i bompengar. Så får vi brette opp armane etter at Sjøfronten er kommen på plass og fortsette det gode arbeidet som faktisk har vore gjort for å gjere Molde til ein enda betre by.

Av Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV



--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts meningsportal