Skeive framleis diskriminert i kirka!

  Foto: Arkiv

Leserinnlegg

På område etter område i samfunnet blir homofili endeleg akseptert. Hetsing og diskriminering av skeive blir ikkje lenger akseptert.

Difor er det så trist at kirka er ein stad der diskriminering av skeive framleis skjer.

Mange veit det kanskje ikkje. Men Møre bispedøme er eit av få bispedøme der det framleis er lov til å diskriminere skeive ved tilsetjingar til vigsla stillingar - som prest, diakon, kantor og kateket.

UTSPØRRING OM SAMLIVSFORM

I Møre har vi framleis stillingsannonser der det står at «samlivsform vil bli etterspurt og kan vektleggast». I praksis betyr dette at ein finn ut om ein søkjer er homofil.

Alle kan framleis søkje arbeid, og i teorien kan ein få ei stilling som prest sjølv om ein er skeiv.

Men i praksis skjer dette ikkje. Og eg skjøner godt kvifor skeive prestar ikkje orkar søkje seg til Møre:

Utlysningsteksten diskriminerer skeive. Den gir klart signal om at kjønnet på kjærasten din vil bli gjenstand for diskusjon. Både under intervjuet og ved ei evt tilsetjing, må du som søkjer rekne med at di seksuelle orientering vil bli debattert.

Dersom du klarer å forsone deg med dette, er det likevel ikkje over. Kjem du gjennom intervju og tilsettingsprosess og får tilbod om arbeide, må du forvente at biskopen din ikkje vil vigsle deg. Du kan òg rekne med offentleg motstand frå andre prestar i bispedømet, berre pga di seksuelle orientering.

INGEN PREST, BETRE ENN SKEIV PREST?

Alt dette blir ei altfor stor byrde som skeive må ta på seg, for å jobbe i Møre. Vi kan ikkje rekne med at nokon vil utsetje seg for noko slikt for å få ei stilling.

Det skulle heller ikkje vere naudsynt.

Vi i Åpen folkekirke vil ha slutt på denne diskrimineringa. Vi vil at kvalifikasjonar, ikkje seksuell orientering, skal avgjere om du får jobben eller ikkje.

I Møre slit vi med rekruttering av prestar. Til fleire stillingar har vi ingen eller få kvalifiserte søkjarar.

Då blir det ekstra ille at Møre diskriminerer skeive prester.

Er det verkeleg betre å IKKJE ha ein prest, enn å ha ein skeiv prest? Kan ein prest ikkje vere ein god prest, fordi kjærasten tilfeldigvis har same kjønn som presten?

KAMPEN IKKJE OVER ENNO

Sidan Åpen folkekirke vann Kirkevalet i 2015, har vi fått gjennom likekjønna vigsel. Endeleg kan også skeive par gifte seg i kirka.

Men kampen er ikkje over enno.

Sjølv om denne forskjellsbehandlinga råkar prester og søkjarar til vigsla stillingar, sender dette signal til alle menneske i Møre, om kven kirka tenker er «god nok».

STEM VED KIRKEVALET

Vi i Åpen folkekirke stiller til val på ei åpen og inkluderande folkekirke. Vi vil ha ei kirke som er åpen for alle som ønsker å høyre kirka til. Vil vil ha bort denne diskrimineringa som skapar eit A- og eit B-lag i kirka, der vi deler inn menneske etter seksuell orientering.

Om du ønsker ei kirke som ser på alle menneske som likeverdige, må du stemme Åpen folkekirke ved Kirkevalet i haust!


Therese Utgård,
Leiar Åpen folkekirke Møre.