LESERINNLEGG:

Tilsvar til «Logikk og skjulte agendaer»

- Om Bunadsgeriljaen, etter å ha fått utsett nedleggjinga, vil prøve å få behalde fødeavdelinga på permanent basis, kva i alle dagar har dette med å segle under falsk flagg å gjere?

Kristiansund sykehus   Foto: Øystein Bjerkeland

Leserinnlegg

Terje Sundsbø, du gir meg ikkje forståelege svar på utfordringane du fekk, og som var grunnen til at eg skreiv innlegget. Og så går du vidare utover det eg utfordra deg på, og serverer meg dine dagens og historiske "fakta", og står fast på at det var rett å bruke uttrykket "å seile under falsk flagg". Så då er mine første tankar: Dette har inga hensikt. Sundsbø insisterer berre på å setje dagsorden sjølv. Så berre avslutt.


LESERINNLEGG

Logikk og skjulte agendaer

«Det er grunn for å minne om at det var legene ved sykehuset i Kristiansund som i sin tid kjempet hardest for ett felles sykehus for Nordmøre og Romsdal.»


Men: Eg skal likevel gi deg nokre synspunkt på din måte å sjå dette på. Einskilde usaklege utsegn hoppar eg over. Å ta heile denne debatten her er dødfødd. Det var skuldingane om å segle under falsk flagg som særleg var det som fekk meg til å reagere. Og synspunkta om å bu nær eller lenger unna eit sjukehus: Kven er det som ignorerer dei som bur nær eit sjukehus, Sundsbø?

Eit av argumenta til dei som ynskjer å oppretthalde fødeavdelinga i Kristiansund er då at nærleik til fødeavdelinga er svært viktig! For alle! Både før og etter at nytt sjukehus på Hjelset eventuelt er på plass. Men det er vel likevel legitimt å vise til konsekvensane det får for dei som har lengst reiseveg? Eller betyr ikkje dei så mykje? Kanskje fordi dei ikkje er så mange som dei som bur i Molde?

La oss seie at du har rett i dine spådomar om at dei som no kjempar for å få behalde fødeavdelinga inntil nytt sjukehus på Hjelset er på plass, også ynskjer å behalde denne på permanent basis. Vi har vel alle fått med oss ynskje om dette. Kanskje nokon også har håp om å kunne behalde sjukehuset.

Er det grunnlag for å kalle det "å segle under falsk flagg" å starte med å ta fatt i det mest akutte, at fødeavdelinga er vedtatt nedlagd om kort tid? Er ikkje dette ein reinhårig strategi som ikkje fortener slike namn som du set på det? Når det er så kort tid å gjere det på, krev du då at Bunadsgeriljaen og andre, alt no, skal leggje fram ein fullstendig, langsiktig plan?

Er dette rimeleg å forvente? No er det alle mann til pumpene! Har du eit namn på dette? Eg kallar det ein forståeleg reaksjon etter brot på føresetnadane om å vente til nyesjukehuset var på plass før nedleggjing av fødeavdelinga.

Dette har til og med du uttrykt forståing for! Det er då dette som var grunnen til den kraftige reaksjonen på Nordmøre, og at Bunadsgeriljaen vart fødd. Du må då sjå på tidsperspektivet her! Og på organiseringa! Det er då berre nokre dagar sidan dette oppsto! Ein skulle tru dette var tale om slu og erfarne strategar som heilt samstemt, alt no, har klart å bli samde om ein langsiktig plan og strategi! Sundsbø, vakn opp og sjå deg omkring! Er du klar over kor fort denne motreaksjonen har vakse fram?

Er du ikkje imponert? Det er i alle fall eg!

At dei så, etter å ha fått utsett nedleggjinga, vil prøve å få behalde fødeavdelinga på permanent basis, kva i alle dagar har dette med å segle under falsk flagg å gjere? Er ikkje dette ei ærleg sak?

Og om dei lukkast i første omgang, og dei seinare vil arbeide for å behalde sjukehuset i Kristiansund, kva har dette med å segle under falsk flagg å gjere? Å ta ein ting om gongen, og starte med det mest akutte, tidsperspektivet tatt i betraktning, kva har dette med å segle under falsk flagg å gjere? Eg er i alle fall imponert over at du har så god innsikt i det indre livet til Bunadsgeriljaen, at du, alt i dag, finn grunnlag for å påstå at dei har eit uuttalt mål om å stoppe byggjinga av nytt felles sjukehus, og at dei såleis har ein skjult agenda, og taler med to tunger.

Kva er grunnlaget for denne kunnskapen? Eg er medlem av gruppa, trass at eg aldri har hatt bunad. Men eg har vore innom avdelinga, og kome jublande ut derifrå! Eg har ikkje fått med meg at det eksisterer nokon skjult agenda. Er din påstand då at eg er for godtruande og lett manipulerbar, basert på forblindande massehysteri? (Nei, du har ikkje sagt dette førebels, Sundsbø.)

Eg ventar i spenning. Det føregår  mange meiningsutvekslingar i gruppa, men nokon skjult agenda som skal haldast hemmeleg for andre er ukjent for meg. Er dette noko som føregår i hovudet på einskilde? Kven då? Det må då vere nokon med uvanlege evner til å forføre eit heilt fogderi. Ein liten lokal minihitler? Har du telepatiske evner, kanskje? Men at det er stort engasjement og friske meiningsutvekslingar blant eit imponerande antal medlemer kan eg stadfeste! I beskjeden grad har eg bidratt sjølv også. Også på andre måtar enn nemnt. Kva sigrar vi klarer å innkassere, og kva som blir framtidige mål og strategiar, det må vi berre vente på og sjå. Eg må igjen minne deg om at dette er ei spontant oppstått gruppe som vart fødd berre for nokre dagar sidan, med uvanleg kort svangerskap! Eller kanskje dine konspirasjonsteoriar fortel deg noko anna?

Ordføraren i Kristiansund, kva tykkjer du om hans reaksjon etter sviket? Eg vart rett og slett rørt, glad og imponert av hans ærlege og direkte måte å reagere på. At politikarane på Nordmøre no ser på kva dei kan gjere med situasjonen, viser at dei ikkje "gir seg over til avmaktens raseri", som Sunnmørsposten så innsiktslaust kalla det.

Eg trur alt dette kan bli starten på noko nytt på Nordmøre ut over "å stoppe byggingen av nytt felles sykehus" dersom alle motkreftene finn kvarandre og gjer kvarandre sterke. Kva verkemiddel og strategiar Nordmøre til slutt veljer trur eg i stor grad avheng av korleis både sjukehussaka og andre saker utviklar seg. Eg vonar det ikkje endar med at vi skal motarbeide kvarandre for ein kvar pris. Siste ord er ikkje sagt. Kva trur du?

Eg brukar ikkje krefter på å gå deg etter i saumane med di historieforteljing, og vise kvar du tar feil. Eg vonar det går an å eksistere som gode naboar i framtida. For, som vi alle veit, geografien og topografien tar det lang tid å endre. Men dette stiller krav til oss alle.

Lars Valderhaug


LESARINNLEGG:

Svar til «Å seile under falsk flagg»

«At det kan stå om liv også for dei som bur nær sjukehuset viser vel at at det er rett å kjempe for å behalde ei fødeavdeling så nær som mogeleg der folk bur?»

 

LESERINNLEGG:

Å seile under falsk flagg

«Er det vanlig på Nordmøre å seile under falsk flagg og tale med to tunger?»

 

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook