LESARINNLEGG:

Svar til «Å seile under falsk flagg»

«At det kan stå om liv også for dei som bur nær sjukehuset viser vel at at det er rett å kjempe for å behalde ei fødeavdeling så nær som mogeleg der folk bur?»

«Som du skriv, var det truleg 20 minutt frå at liv gjekk tapt. Dermed ville ei reise til Molde truleg endt i katastrofe for minst eitt liv. Er ikkje dette eit svært godt argument for å behalde fødeavdelinga i Kristiansund på permanent basis?» spør innsendaren i dette lesarinnlegget. Sjukehuset i Kristiansund.   Foto: Arkiv

Leserinnlegg

I eit lesarinnlegg på rbnett.no 17.04.19: "Å seile under falsk flagg", med undertittel "Er det vanlig på Nordmøre å seile under falsk flagg?", stiller moldemannen Terje Sundsbø nokre spørsmål til Bunadsgeriljaleiar Anja Cecilie Solvik. Eg skal ikkje svare for henne, men svare på ein av kommentarane dine til innlegget. Du skriv:

"I TK kan man lese om de smilende bunadskledde damene som hevder de kjemper mot samling av føden, og viser til lang vei for de fra Ytre Nordmøre.

Samtidig har avisen tåredryppende innslag der det bare var 20 minutter før liv gikk tapt. Det eksemplet viser at selv de som bor nære sykehuset kan det stå om liv. Da er det umoralsk å ignorere disse, til fordel for de på Smøla. Men riksmedia sluker agnet, og ignorerer både at krigen kjempes for å stoppe byggingen av et nytt sykehus, og glemmer at det kan stå om liv også for de som bor nære sykehusene."


LESERINNLEGG:

Å seile under falsk flagg

«Er det vanlig på Nordmøre å seile under falsk flagg og tale med to tunger?»

 

Det er noko med logikken og vurderingsevnen din eg ikkje forstår: Det "tåredryppende" innslaget du nemner gjeld to av mine vener på Tustna. Deira historie har eg frå deira eigen munn. At du kallar dette eit tåredryppande innslag seier vel litt om kven du er. Eg vil anta at dei fleste oppfattar dette som spydig og distansert. Som du skriv, var det truleg 20 minutt frå at liv gjekk tapt. Dermed ville ei reise til Molde truleg endt i katastrofe for minst eitt liv. Er ikkje dette eit svært godt argument for å behalde fødeavdelinga i Kristiansund på permanent basis? At det finnast dei som har endå lenger reiseveg viser vel kor viktig det er at reiseveg og reisetid ikkje blir endå lenger?

Kva slags "agn" er det media sluker? At det kan stå om liv også for dei som bur nær sjukehuset viser vel at at det er rett å kjempe for å behalde ei fødeavdeling så nær som mogeleg der folk bur? (Kor nær Tustna er til Kristiansund er eit definisjonsspørsmål.) Og 2.5 - 3 timars reisetid og mellom 66 og 73 km lenger reiseveg enn i dag er vel då svært sterke grunnar for å behalde fødeavdelinga og eit sjukehus med eksisterande barneavdeling i Kristiansund? Ei barneavdeling som ikkje finnast i Molde, og som utfyller ei fødeavdeling?

Anten er det eg, eller så er det du, som ikkje forstår denne logikken. Opplys meg! Ved nytt sjukehus på Hjelset blir det berre ca to mil kortare reiseveg. Er det slik å forstå at du går inn for at fødeavdelinga i Kristiansund skal bestå også etter at nytt sjukehus på Hjelset eventuelt er på plass? Ingenting av det eg har sett så langt tyder på det. (Eg er klar over at du meiner fødeavdelinga i Kristiansund bør bestå inntil nytt sjukehus er på plass.) I motsett fall tykkjer eg det er du som seglar under falsk flagg.

Lars Valderhaug, Tustna

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook