LESERINNLEGG

Nordmøre riv sund fylket, Romsdal må gå sin eigen veg

Eit uavhengig Romsdal ville vere verdas 166. største land og det 187. mest folkerike.

Svein Olav Sæter 

Leserinnlegg

8. april kan vi lese i Tidens Krav at to av tre kristiansundarar vil byte fylke til Trøndelag. I tre andre kommunar på Nordmøre er det òg fleirtal for overgang.

Viss nordmøringane får ønsket sitt om å gå nordover oppfylt ved neste val, er det ingen tvil om at dei vil rive i sund heile fylket. Fleire kommunar på Nordmøre vil følgje etter, og Møre og Romsdal vil stå igjen som for svakt. Sunnmøre, som berre så vidt slapp unna å bli innlemma i Region Vestland™ ved førre reform, vil bli pressa til å gå sørover.

Romsdal mot verda

Med eit Nordmøre i Trøndelag og eit Sunnmøre i Vestland står Romsdal igjen, midt imellom stormaktene Bergen og Trondheim og skvisa ut mot kysten av det nye storfylket Hedmark og Oppland.

Eit Romsdal så langt unna noko anna som kan kallast sentrum vil vere dårleg ute. Om Kristiansund ikkje får grunnleggande helsehjelp to timar unna Molde, kan ein vere sikker på at Molde, ni timar unna Bergen og fem timar unna Trondheim, vil sitte igjen med ingenting om få år.

Det blir derfor lett å drøyme om eit eige fylke, berre beståande av Romsdal. Men det vil no aldri ei sentraliseringshungrig regjering eller sjalu grendefolk gå med på. Romsdal vil vere dømd til å bli ein avkrok i skuggen, så lenge vi ligg under den undertrykkande norske statsmakta.

Fjøre, betongjungel og fjell

Løysinga er difor enkel: Romsdal må bli sjølvstendig.

Vi har lenge drøymt om det, av og til fleipa med det, men aldri så mykje som flørta med det. Før no. No er tida inne.

Eit uavhengig Romsdal ville vere verdas 166. største land og det 187. mest folkerike med våre snaue 60 000 innbyggjarar. Geografien strekk seg frå fjøra på Gossen gjennom betongjungelen i Molde og vidare til fjelltoppane i Rauma.

Solskjær og skyskrapar

Vårt nye heimland ville òg ha eit rikeleg persongalleri og ein driftig økonomi. Ormen Langes skyhøge inntekter ville kanskje til og med gi nok i statskassa til å kunne gjentilsetje Solskjær som trenar for vårt nye landslag MFK.

Elles ville vi jo ta frå Noreg deira mest omsette diktar, Knut Ødegård. Vi ville òg få med oss Kjell Inge Røkke, og med på slepet får vi kanskje med skyskraparen has, og da er Molde til og med på veg til å få ei skyline på nivå med båe Manhatten og La Defense.

Kjell Magne Bondevik, med si breie erfaring, kan sikkert tenke seg å stille opp som jordmor for vår nye stat, og det er nok liten tvil om at Torgeir Dahl takkar ja til å bli nye statsminister eller konge, alt etter som. Sjølv vil eg om nokre år vere ferdig med ein bachelor i internasjonale relasjonar, og er villig til å motvillig ta til takke med ein post som utanriksminister.

Det beste med vårt nye fedreland vil derimot vere fridomen som kjem frå å ikkje lenger vere lenka til resten av Noregs klønete talemål. Ikkje meir tåpeleg «jeg» eller «eg». Ut med den skiten. Frå no av blir det «i». Nye lærebøker skrivne på vårt eige «MoldeMet – Storbyuniversitetet i Molde» eller det nye Universitetet i Molde (UiM), tilpassa eit moderne og nydeleg språk.

Balkanisering i Noreg

Til slutt vil vi kunne bli verdas nye yndling i media. Brexit er sikkert kult og interessant, men tenk så kjekt det hadde vore med litt balkanisering i verdas rikaste land. Vi kunne vekka til live Skottland, Catalonia og alle andre store og små sjølvstendekampar i verda.

Heile verda ville haldt pusten mens vårt nye land sto imot undertrykkarstaten Noreg. Kanskje hadde det til og med blitt kampar på bakken og i lufta. Vi ville fått vår eigen spesialutsending frå FN. Nato ville bli involvert. Ein skal nok ikkje sjå bort ifrå at vi kan bli det nye Libya, Kosovo eller kanskje til og med Syria.

Eventuelt kan vi berre gi Nordmøre helsetenestene dei ber om og vere ferdig med saka.