LESERINNLEGG

Eit helseføretak utan heilskapleg tenking?

Leserinnlegg

Vi har dei siste par vekene hatt ein opprivande helsedebatt debatt i Møre og Romsdal. Eit Helse og Møre og Romsdal som kjempar med ryggen mot veggen og ikkje klarar å kome i økonomisk balanse etter mange år med store underskot.  Gjennom styret sitt vedtak med endring av fødetilbod og rehabliteringstilbod klarer også styret nok ein gong å skape ein ubalanse i eige føretak å fylke, eit fylke  som har streva med sterke konfliktar med pasienten i potten. Fylkespolitikarane og andre har jobba hardt og godt for å halde fylket samla etter desse opprivande debattane om nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, det er då ikkje mindre frustrerande å oppleve at det det Staten ved Helseføretaket både gjennom Helse Møre og Romsdal og Helse Midt Norge som fortsatt held liv i desse konfliktane. Vi ynskjer alle ein region med eit mest mulig likeverdig helsetilbod for alle og det må helseføretaka ta innover seg. Det får vi ikkje til når vi ser at all tillit til helseføretaket er i ferd med å forsvinne i delar av fylket og ein nyttar denne veka til ekstraordinære møte i formannskap og kommunestyre for å seie opp avtalar med helseføretaket.


LESERINNLEGG

«Møre og Romsdal står i brann. Vil Høyre gjøre noe mer enn å varme seg på bålet?»

Ledelsen i Møre og Romsdal Arbeiderparti utfordrer Høyre om å gripe inn «før bare branntomta er igjen».


På den andre sida er det svært gledeleg at det politisk miljø i Møre og Romsdal har stått samla for å bevare dei tenestene som no er under press. Då er det litt underleg at AP ved Torve og Kjølmoen Frp med Sve angrip Høgre som står side om side med politikarane i fylket og  innbyggarane på Nordmøre for å halde på tilboda som er der, og ikkje føregrip omstillinga til nye SNR er på plass. Det pussige er og samanlikninga med gule vestar i Frankrike og Brexit, ja folk har fått nok på Nordmøre, med god grunn, men det ironiske er då at ein peikar på Trøndelag som eit alternativ løysing, når det er nettopp helse Midt Norge  som har  tappa Helse Møre og Romsdal  for midlar sidan innføringa av Magnussen-modellen i 2012. Løysinga ligg i at det er Helse Midt Norge som må vere vaksen nok til å stoppe det famøse vedtaket i styret i Helse Møre og Romsdal og sikre ein betre prosess og medverknad av tilsette, pasientar og  kommunar ved å tilføre midlar i omstillingsperioda. Det er det økonomi til i Helse Midt Norge. Samstundes har Helse Møre og Romsdal eit stort ansvar for å endre eigne rutinar og drift for å redusere underskotet, det er og  fullt mogleg.

Enkelte har og bedt helseministeren om å kome på bana tidlegare, ja kanskje er det ei løysing om ikkje Helse Midt Norge tek grep overfor Helse Møre og Romsdal. Det er likevel  ikkje slik at han kan gripe inn i sakshandsaminga i helseføretaket. Slik er ikkje føretaksmodellen som Arbeidarpartiet innførde oppbygd. Innbyggarane skal vite at  Møre og Romsdal Høgre har god kommunikasjon til både Storting og Regjering og de kan føle dykk trygg for at vi gjer det vi kan for at pasientane i fylket skal bli minst mulig råka av det nødvendige omstillingsarbeidet i helseføretaket, men då nyttar det ikkje å drive politisk spel og valkamp med pasientane som innsatsfaktor. Det har ikkje Møre og Romsdal råd til når vi skal gå vidare som EIN region med slagkraft nasjonalt.


Anders Riise, fylkesordførarkandidat

Dag Olav Tennfjord, fylkesleiar