LESERINNLEGG:

Nye veier AS - det skal bli ei sann fryd!

Frank Sve  Foto: RICHARD NERGAARD

Leserinnlegg

Ja, det skal bli ei sann fryd å få oppleve, dersom Nye veier AS får ansvaret for utbygging av E-39 frå Ålesund til Molde

Det vil verte ei sann fryd, når vi alle slepper å måtte lese side opp og side ned, der til dømes Møreaksen AS og Espeland framstår som den einaste sanninga over alt og alle.

Det vil verte ei sann fryd, å få alle vegprosjekt frå Ålesund til Molde, og kryssing av Romsdalsfjorden, milevis vekk frå Statens vegvesen, lobbyistane, og sjølvoppnevnte såkalla regionråd.

Det vil verte ei sann fryd, å kunne få oppleve at vegprosjekt vert reelt billigare.

Ikkje slik som idag med Statens vegvesen, der det som oftast vert betydeleg dyrare enn framlagte overoptimistiske kostnadsanslag.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne få vurdert alle mulige byggemetodar, teknologiar, og der gåande, sykklande og miljøet også vert teke hensyn til.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne få gjennomført utgreiingar av både flytebruer, og andre traseer slik som til dømes Romsdalsaksen.

Der skal bli ei sann fryd, å kunne få oppleve at strekninga Ålesund-Molde, vert bygd ut til det beste for næringslivet, transportnæringa og for folk flest.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne oppleve at kommunane og fylket kan spare mykje pengar, som i dag vert rota vekk i sjølvoppnevnte regionråd, vegselskap og til lobbyverksemd.

Det skal verkeleg bli ei sann fryd, å kunne nytte Nye vegar AS også her i fylke, noko Møre og Romsdal FrP har kjempa for lenge, og som vi reknar med kjem på plass så raskt som råd.

Frank Sve,  Fylkesordførarkandidat, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

-------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook