LESERINNLEGG

Ikkje Autopass på fylkesvegferjene

Leserinnlegg

Møre og Romsdal FrP ynskjer ikkje Autopass på fylkesvegferjene. Fylket har ansvaret for 20 av 24 ferjestrekningar her i fylket, og såleis ein svært stor del av trafikken.

Statens vegvesenet innfører Autopass på riksvegferjene, medan fylka står fritt til å vere med på ordninga eller innføre sin eigen modell for dette.

Samferdselsutvalget her i fylket har fått denne saka til drøfting, og saka er no sendt ut på høyring. Dersom fylket innfører heile Autopassordninga, vert det mildt sagt dramatisk for transportnæringa, med auke i takstane på mellom 30-50 % .  Personbil vert også meir en 30% dyrare dersom ein ikkje har med passasjer.


Nå innføres autopass-kortet på ferjene – brikken kommer trolig ikke før i 2020

Nå innføres autopass-kortet på ferjene – brikken kommer seinere

 

Med andre ord vert kostnadane for ferjedrifta velta over frå person til bil og transportnæringa, noko som for oss overhode ikkje er aktuelt. Vi trur også det raskt vil oppstå store inntektstap for ferjedrifta til fylket, som igjen kan føre til ytterlegare takstaukar.

Møre og Romsdal er landets største eksportfylke, og bedriftene her i fylket er avhengige av så gode rammevilkår som råd. Bompengesituasjonen som kan bli her i fylket i framtida er grundige synliggjort, og det er all grunn til å vere bekymra for konsekvensane av dette.


Frp langer ut mot nye autopass-takster på ferjene

– Går aldri med på dette

– Dette vil vi aldri gå med på. Økningen i takstene for bilistene er umulig for Møre og Romsdal, sier Frank Sve, fylkesleder for Frp.

 

FrP er heilt samde med NLF ang deira sterke bekymring for bompenge og kostnadsauken for denne næringa spesielt, og vil fylgje opp kampen for transportnæringa i framtida.

Fylket står heilt fritt til å innføre akkurat det vi ynskjer ang Autopass, og er ikkje pålagt av staten å delta i Autopassregimet.

FrP ynskjer at fylket vert med på innføring av Autopassbrikke og kort, men at takstene for dette skal vere som i dagens ferjetakstsystem. Dette har vi full anledning til, og er ikkje problematisk å gjennomføre. Dette er bekrefta etter informasjonen som vi har fått i samferdselsutvalget.

Vi ynskjer fortsatt personbetaling på fylket sin ferjer, då med betalingsapp, og betalingsterminaler ombord i ferjene. Dette er på same måten som eller i landet for buss, bane og tog.


Uenige om størrelsen på takstøkningen

Statens vegvesen er ikke enig med lastebileierforbundet (NLF) om hva takstøkningen for vogntog vil bli når autopass-brikken innføres.

 

Med denne ordninga får ein same fordelane som ved Autopass, med andre ord utan fysisk billettering for bilar, og betaling ved sjølvbetjening for persontrafikken.

Med dette får ein beholde same takstgrunnlaget som i dagens ferjedrift, og same inntektsgrunnlaget for Møre og Romsdal fylkeskommune.

FrP håpar dei andre partia her i fylket velger vår løysing i denne saka, og dermed ikkje innfører eit Autopassystem som verken folk flest eller næringslivet kan godta.

Frank Sve, Fylkesleiar og Gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook