LESARINNLEGG

Om innføring av bompengar for el-bilar på Tresfjordbrua

«Ved innføring av bompengar, vil konsekvensen bli at mange ikkje har økonomi til å kunne la barna få delta på fritidsaktivitetar.»
Leserinnlegg

I Vestnesavisa 24.10.18 kunne vi lese at styret i Eksportvegen AS har gjort eit samrøystes vedtak om innføring av bompenger også for EL-bilar. Begrunnelsen for vedtaket var i hovudsak auken i antallet EL-bilar som trafikkerer brua.

Dette har vi nokre kommentarar til:

• Auke i antall EL-bilar er eit mål som er ønska av regjering og Storting av miljømessige hensyn, og derfor etter vårt syn ikkje eit argument for å innføre bompengar. Sjølv om det er mange EL-bilar som trafikkerer Eksportvegen, er prognosene for nedbetaling av bru og tunell langt kortere enn først antatt. Det er vel derfor ingen grunn til å forkorte nedbetalingstida ytterligere når vi tenkjer på alle negative konsekvensar dette vil ha for lokalbefolkninga?

• Det er også sannsynlig at antall el-bilturar vil minke betydelig dersom bompengar vert innført. Og då stemmer ikkje reknestykket lenger med antall passeringar. Vi med el-bilar køyrer ofte fleire gonger dagleg, fordi vi kan.


Sterke reaksjonar i Vikebukt på bompengar for elbil på Tresfjordbrua

– Ikkje sperr oss inne

Styret i Eksportvegen AS har vedtatt å innføre bompengar for elbilar på Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen. Det skaper reaksjonar blant lokalbefolkninga som køyrer elbil.


• Folk som bor på Vikebuktsida er «innesperra» av bommar i alle retningar. Å kjøre rundt fjorden er heller ikkje eit alternativ då det (utruleg nok) er akkurat like dyrt! Løysinga for mange av oss var kjøp av EL-bilar for å behalde «friheten». Alle med adresse Vikebukt burde ha fri passering, men slik er det ikkje. Innbyggarane i Hjelvika og Vågstranda er også i same situasjon. Vi kjenner i dag mange eksempel der foreldre med barn køyrer 8 turar daglig over brua for å få kvardagen til å gå opp med jobb, barnehage, skule og fritidsaktivitetar.

• Dei som køyrer diesel og bensinbilar med adresse Vikebukt burde også sleppe å betale bompengar. Men det er naturligvis ei sak som bompengeselskapet må ta stilling til. Alternativet kunne også være å bli belasta med kun 1 passering t/r pr. dag uavhengig av antall daglige passeringar.

• Det er på Hellandsida dei aller fleste fritidsaktivitetane er både for barn og vaksne. Helsetenester, kommunale tenester , kulturaktivitetar og kjøpesentra er også her. Mange av oss har arbeidsstad som gjer at vi må passere bomstasjonene fleire gonger om dagen. Ikkje alle har råd til å betale kr 6000 for å få maksimal rabatt, spesielt gjeld dette for mange av oss barnefamiliar. Ved innføring av bompengar, vil konsekvensen bli at mange ikkje har økonomi til å kunne la barna få delta på fritidsaktivitetar. Mange vil også kanskje ikkje har råd til å besøke familie og venar så ofte som dei ynskjer. Barna blir dei skadelidande, og det er svært beklagelig!

• Vi har registrert at det er ingen representantar frå Vikebukt i styret for Eksportvegen AS. Vi er skuffa over vedtaket, og meiner vedtaket ikkje er god distriktspolitikk! Behald dagens ordning med fri passasje for EL-bilar! Då kan barnefamiliar på begge sider av brua ha like muligheter!

• Styret i Eksportvegen AS støtter seg på vedtak i Stortinget når dei no vil innføre bomavgift også for el-bilar. Men vi trur neppe dei meiner at det er barnefamiliane innanfor bomringen som skal være hovedsponsor for at bompengeperioden skal kortast ytterligare ned!

Marianne Skjegstad, på vegner av mange barnefamiliar på Vikebukt

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook