LESERINNLEGG

Kven har rett til å gjere seg til talspersonar for ungdom?

Håkon Lykkebø Strand. 

Leserinnlegg

Fleire og fleire meiner at politikarane sviktar ungdommen ved å byggje Nordøyvegen og kjem med påstandar om at det er feil å bruke pengar på veg i staden for skule. Det er ei gedigen avsporing ein debatt som handlar om å realisere eit prosjekt som har vore planlagt for fleire tiår sidan.

Dessverre har mange gløymt kvifor fylkeskommunen har komen i den økonomiske knipa som ein er no. Etter snart åtte år med Arbeidarpartiet ved makta har dei vist at dei ikkje rår å styre fylket edrueleg. For er det nokon som verkeleg har svikta ungdom i Møre og Romsdal så er det Arbeidarpartiet. 

Lat oss ta kollektiv som eit døme. I løpet av dei åra som Arbeidarpartiet har styrt fylket så har ikkje busstilbodet under noko som helst tidsrom vore tilstrekkeleg godt nok, og det måtte til at NTNU kom til Ålesund før ein skjønte at her måtte noko gjerast. Den einaste som Arbeidarpartiet har klart er å auke prisen på periodebillett for ungdom som reiser kollektivt utan å gi dei noko tilbake.

I tillegg har elevorganisasjonen og diverse lærarar og tillitsvalde kome med kritikk mot Nordøyvegen. Dei gjer dette med å sette prosjektet direkte opp mot ungdom i fylket. Det er ei svartmaling og ei polarisering av debatten som vi ikkje treng i ei så viktig sak. Fylket sin dårlege økonomi skuldast ikkje Nordøyvegen, tvert i mot kan den spare fylkeskommunen for hundretals millionar i framtida ved å få fjerna underskotsdekninga på ferjestrekningane.

Nordøyvegen må byggjast, og det er ein føresetnad for at Nye Ålesund kommune skal verte ei framtidsretta kommune. Samstundes så er det viktig å vise at Møre og Romsdal som region kan klare å byggje store vegprosjekt utan å måtte bli en del av Trøndelag eller nye Vestland. Det einaste man oppnår med å ikkje byggje Nordøyvegen er eit handlingslamma og splitta fylke som aldri kan realisere noko som helst av viktige vegprosjekt i framtida.

Det er i aller høgste grad ei investering for ungdom i fylket. Dersom Nordøyvegen aldri skulle bli realisert, så kan De fortelje all ungdom i Surnadal, Sunndal, Aukra, Midsund, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Sande at dei aldri kjem til å få bru eller tunnel nokon sinne. Om ikkje det er oppskrifta på avfolking av ungdom i distrikta, så veit ikkje eg.

Er det verkeleg slik at vi sviktar ungdommen ved å byggje Nordøyvegen? Det er på tide at dei som har styrt fylket tar å stikk fingeren i jorda og sjå seg sjølv i spegelen. Å skylde på Nordøyvegen er å springe frå problema som dei sjølv har skapt. For oppgåva som politikar er å gjere harde prioriteringar, og det har Arbeidarpartiet vist at dei ikkje er i stand til. Når Framstegspartiet kjem til makta i fylkeskommunen i 2019 så kan vi garantere at skule vert prioritert, samstundes som Nordøyvegen vert bygd.


Håkon Lykkebø Strand

Ungdomskandidat for Møre og Romsdal FrP til fylkestingsvalet 2019