LESERINNLEGG

Romsdals Budstikke nører opp under fogderidstrid!

Tilsvar til leiaren i Romsdals budstikke 27/11-2018.

– Det er vel slik, at dykk ikkje har så mykje anna å skrive om, enn å hamre laus på sunnmøringane i fylkespolitikken og Frp, skriv Frank Sve i dette innlegget om Romsdals Budstikke. 

Leserinnlegg

At også Romsdals budstikke er oppteken av Frank Sve og FrP er tydeleg.

Tydeleg er det også at ein overhode ikkje er interessert i å setje seg inn i realiteten i vårt forslag ang. fordeling av funksjonar og stillingar i den nye Møre og Romsdal regionen.

Når ein i tillegg til Romsdals budstikke sin leiar, også ser at regionrådet tek laus, må vi ha vore i nærheita av «10,9» i blinken, for makan til reaksjon skal en leite lenge etter.

I Møre og Romsdal fylke sitt omstillingsprosjekt 2020, er det lagt opp til at det skal fordelast oppgåver og stillingar mellom dei tre byane Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkestinget har også vedteke at stillingar i samanheng med regionreforma, SKAL fordelast mellom dei tre byane, dette etter framlegg frå Jon Aasen og fleirtalet i fylket sist år. Det er i denne samanhengen vi har peika på at dimensjonering av dette må kome som bestilling til fylkesrådmannen no, og 80-100 årsverk bør fordelast.

Frp har som primærstandpunkt å leggje ned fylkeskommunen, på same måte som Høgre også har dette standpunktet.

Vi meiner at så lenge det er fleirtal for tre forvaltningsnivå, så bør den nye regionen fordele sine funksjoner og tilsette i alle dei tre byane her i fylket.

Eg registrerer at Romsdals Budstikke er akkurat like «trongsynt» som ein del andre som også meiner at det meste ang. den nye regionen Møre og Romsdal, skal ligge i Molde.

Ei slik haldning er ivertfall med på å nøre opp under fogderistrid, så her kan jaggu Romsdals Budstikke sjå seg sjølv i speilet.

Så er det ikkje fyste gongen Frp eller underteikna har vorte forsøkt sverta av regionavisa Romsdals Budstikke. Det er vel slik, at dykk ikkje har så mykje anna å skrive om, enn å hamre laus på sunnmøringane i fylkespolitikken og Frp.

Korleis Romsdals Budstikke sin ledelse har tenkt å agere, når det ein gong vert aktuelt å skaffe seg støtte i Romsdalen for større samferdselsprosjekt, når dykk openbart gjer det dokke kan for å sverte det prosjektet som er prioritet nr 1 her i fylket, nemleg Nordøyvegen.

Å forsøke å henge meg ut fordi eg arbeidar for Nordøyvegen, burde vel danne grunnlaget for at Romsdals Budstikke gjorde det samme mot gruppeleiarane i Høgre, Ap, KrF, Sp og inkludert alle dei sju andre som støtta Nordøyvegen i fylkesutvalget.

Men neida, ikkje eit «pip» negativt om noken andre enn Frp. Egentlig ikkje så rart, då vi veit at dei fleste journalistar ikkje akkurat er «blå», men Romsdals Budstikke trenger då ikkje bevise det så grundig, kvar dei høyrer heime i det politiske landskapet.

At Romsdals Budstikke forsøker å sverte meg og Frp for at vi kjemper for dette samferdselsprosjekter, fengsel på Sunnmøre som eit samla fylkesting har prioritert, og rettferdig fordeling i fylket av ressursane i fylkeskommunen, beviser vell berre det eg har påstått: at «sterke krefter» arbeider mot Sunnmøre og Nordmøre i desse og andre saker, og den rolla har dokke i Romsdals Budstikke teke på dokke på ein fortreffelig god måte.

VH

Frank Sve,

fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook