LESERINNLEGG:

Nasjonalt og noverande deponi for farleg avfall på Raudsand - ein trugsel mot folkehelsa?

Ope brev til Nesset kommunestyre.

«Vi er no kjende med at det i fleire år har lege opne deponi på Raudsand. Desse har vore eksponerte for vêr og vind, og dermed er det ikkje usannsynleg at avrenning til bekkar, elvar og sjø allerie har funne stad. Utslepp til luft i form av avgassar og støv kan vere spreidd til jord og gras, skog og lyng, bær og sopp», skriv lesarbrevforfattaren.  Foto: Øyvind Leren

Leserinnlegg

På Miljødirektoratet sine heimesider kan vi lese dette om farleg avfall:

«Farlig avfall inneholder helse- og miljøskadelige stoffer, og må håndteres riktig, slik at miljøgifter ikke skal spres og hoper seg opp i naturen. Farlig avfall skal ikke blandes med annet avfall. Husholdning og privatpersoner skal levere alt farlig avfall til kommunale mottaksordninger. Virksomheter skal deklarere og levere farlig avfall til godkjente mottak. Miljødirektoratet gir tillatelse til behandling, mens Fylkesmannen gir tillatelse til mottak og mellomlagring av farlig avfall (Miljødirektoratet, 2018).»

Målet om ei berekraftig samfunnsutvikling, både lokalt og globalt, kjem til uttrykk gjennom FNs berekraftmål, som Norge er forplikta til å følgje opp. Uttrykket «berekraftig utvikling» har vorte kopla særskilt til miljøspørsmål, og vi forstår det framleis som eit krav om å ta vare på naturen. På samme tid har vi Plan – og bygningsloven, der føremålet er å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, for samfunnet og for dei komande generasjonane.

Helse blir skapt der folk lever og bur. Eit muleg nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand, medrekna deponia som allereie ligg der i dag, er til stor otte for innbyggjarane både i og utanfor kommunen. Uro og uvisse er i seg sjølv ein dårlig påverknad på folkehelsa. Når farleg avfall er i ferd med å bli ein dominerande del av nærmiljøet, er det naturleg å mobilisere for å verne om både natur og menneske.

Vi er no kjende med at det i fleire år har lege opne deponi på Raudsand. Desse har vore eksponerte for vêr og vind, og dermed er det ikkje usannsynleg at avrenning til bekkar, elvar og sjø allerie har funne stad. Utslepp til luft i form av avgassar og støv kan vere spreidd til jord og gras, skog og lyng, bær og sopp.

I dette området hentar dyr og fuglar maten sin. Vi menneske sankar bær og sopp her, og vi et kjøtt frå vilt og beitedyr som t.d. hjort og sau. Andre ønskjer å fiske både i fjorden og i fjellvatna, og vi set stor pris på å ha tilgang på sunt og helsebringande grunnvatn. Kanskje stiller vi til og med tørsten med nokre nevar friskt vatn frå bekken eller elva.

Men, om vi er usikre på om maten eller drikken er trygg, vil tvilen kome den tvilande tilgode. Er det da tilrådeleg for barn, unge og vaksne å ete den maten som blir til her, eller drikke vatnet i springen? Vi har behov for å vite, ikkje berre synse. Mangel på informasjon gjer folk usikre, og derfor treng vi å få tydelege svar på ei rekkje spørsmål:

Kor mange år har deponia på Raudsand eksistert?

Er ein verdi av ei miljøgift som er under faregrensa, ufarleg for folk og dyr?

Kva for stoff er lagra i deponia som ligg der frå før?

Kva for stoff er sleppte ut i luft, til skog og mark eller til sjø, vatn, elvar og bekkar?

Kor store mengder av dei ulike stoffa er lagra i deponia?

Kva for stoff er lagra saman?

Er det faste kontrollmålingar av utslepp til natur og sjø?

Er det mange fleire stoff som skal deponerast i eller oppå dei gamle deponia, og kva er aktuelt å deponere?

Kan stoffa som allereie er lagra og evt. nye som skal tilførast, ha helsekonsekvensar for folket, som gravide, barn, unge og eldre?

Kor kan vi finne ROS-anlyse for HMS?

Kor lang tid kan ein forvente at det går før ein får svar på spørsmåla ein stiller? Og kor lenge vil dei vere gyldige med stadig skiftande planer?

Vi håpar at vi kan slutte å uroe oss når vi får svar på alle dei spørsmåla vi går og tenkjer på. Så kan vi òg håpe at føremålet med Plan- og bygningsloven gjeld til fulle, og at ein tek omsyn til innhaldet i Folkehelseloven og Miljøinformasjonsloven . Det er tid for å leggje helse på vektskåla, både for vår eiga skuld og for generasjonane som kjem etter oss. Om ikkje, er eg redd for at vi må kjempe ein håplaus kamp mot sjølvskapte problem i uoverskodeleg framtid.

Angvik, 17.11.2018

Marianne Klokset Aspås

pensjonert jordmor

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook