LESERINNLEGG

«Fræna har satsa på at Tornes og Sylte skal vere levande bygder. Ein riv vekk grunnlaget for dette ved å avvikle skolane»

Leserinnlegg

Kommunestyret skal torsdag 8.11. 2018 gjere vedtak om skolestrukturen i Fræna. Det er viktig å ikkje trå feil her. Dei underskrivne er frimodige til å komme med forslag om kva ein bør  gjere.

1. Legg vekk tanken om å samle alle tre skolar til ein skole. Det er i dag 3 velfungerande skolar i området. Fræna har satsa på at Tornes og Sylte skal vere levande bygder, der det er godt tilrettelagt for bustadbyggjing og utvikling. Ein riv vekk grunnlaget for dette ved å avvikle skolane. Ein ny storskole på Haukås, med 500-600 elevar, vil ikkje høve i det knappe arealet kommunen har disponibelt.  Kva det skal koste må vel og bety noko. I sum trur vi denne løysinga er dårleg for alle tre krinsane.

2. Det aller første som bør skje er at politikarane gjer vedtak om at Sylte skole straks må byggjast slik at dei kan ta imot elevane frå Malme. Politikarane bør gjere dette slik at dei kan sjå folk i augene når dei møtast. Ein må få slutt på uvissa til foreldre og born i denne krinsen. Denne krinsen er god utvikling, med bustadbyggjing. Det er allereie merkbar interesse etter tomtekjøp av folk som tenkjer seg å kunne bu i krinsen og jobbe i Molde/Hjelset.

Bygdene Tornes og Sylte har sterke ønskjer om å få behalde skolen i bygda si.

Fleire av grunnane er nemnde før: Foreldra til borna som har lengst skoleveg, vil få mykje ekstrakøyring med henting/bringing til og frå skole og SFO. Deretter skal dei på jobb, kanskje i ei heilt anna retning enn til skolen. Foreldre fortel oss at dei ikkje vågar sende ungane i alder 6-9 år  med skolebuss, med dei vegkryssingane det fører med seg ved på- og avstigning.

Dei vil komme til å bli skyssa av foreldra, i hektisk rushtid, gjennom farlege kryss, der det skulle ha vore rundkøyringar. Desse ligg visstnok tiårsvis unna realisering, med mindre kommunen sjølv forskotterer, kunne vi nyleg lese. Ein forventar forståing for dette blant politikarar og  dei som ikkje treng skysse borna til skolen.

Kostnadene til skolen på Falkhytten, Aukra er tidlegare nemnd, 316 mill kroner. På Haukås må det rivast ein skole først, det må truleg ekspropierast ein del grunn, og skolen byggjast større enn på Riksfjord, for nær 600 elever, om ein skal tenkje langsiktig. Ein må undre seg stort over politikarar som stoppa utbygging på Sylte med prislapp på under 80 mill. Dei samme politikarane skal finansiere den nye Haukåsskolen til truleg nær 400 mill. Det har gått prestisje i dette, ser det ut til.

Vi håper det er fleire som er samde i at dette ikkje er ei god løysing for kommunen.

O. A. Aas,  G. Brandshaug, K. R. Sande

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook