LESERINNLEGG

Ingen visste vegen og itte hen det bar!

Som gruppeleiar i Fræna Senterparti blir eg kontakta av foreldre som er bekymra og usikker rundt skulesituasjonen til ungane sine.

FRÆNASKOLEN UTREDES: Førsteklassinger stormer inn til første skoledag på Haukås skole. Men hva som nå skjer med skolen deres er uvisst.   Foto: ERIK BIRKELAND

Leserinnlegg

Bygdene blir satt opp mot kvarandre og det er ingen god situasjon å være i når vi skal bygge ein ny kommune. Det som var ein debatt om skular og skulestruktur er no også blitt ein debatt om idrettsanlegg og forventning om at dei blir realisert i forbindelse med tettstedprogrammet og skulebygging i Elnesvågen.

Som politiker må vi prioritere kva som er viktigast og eg meiner barnehage, skule og omsorg for eldre og andre som treng ekstra hjelp er viktigast. No må vi lande skulestruktur og begynne å bygge skule. Idrettsanlegg og kulturhus kjem da litt lenger ned på lista mi.

Tettstedprogrammet er viktig for korleis Elnesvågen sentrum skal utviklast som kommunesenter i Hustadvika kommune. Ein plan for sentrum, gir ein rød tråd til alle som jobber med sentrumsutvikling i Elnesvågen og gjer at alle dreg i samme retning om eit felles mål. Mange spennande planer som eg håper vi får til etter kvart i spleiselag mellom næringsliv, lag og organisasjoner og kommunen. Dette tek nødvendigvis litt tid.

På Malme skule har vi ikkje meir tid. Det vart allereie i 2008  vedtatt at Malme skule skulle leggast ned og elevane flyttast til Sylte.Det er svært frustrerande for elevar, lærarar og foreldre å ikkje vite når skulen skal legges ned. Det er ein uholbar situasjon å være i. No er økonomien i kommunen  slik at skuleutbyggingane kan gjenomførast  og sjøl om det blir utfordringar, har vi ikkje noko valg.

Nybygget på Sylte var ferdig prosjektert og klart til å sendes ut på anbud hausten 2017.  Og planane for nybygget på Haukås var godt i gang.

Under budsjettmøtet i kommunestyret i fjor 2017,vart det fleirtal for å utsette utbygginga på Sylte skule med eit år. Planlegginga av Haukås skule vart og utsett eit år. Senterpartiet m/ fleire stemte for å starte prosessen med bygging av Sylte og fortsette planane for nye Haukås skule, men vi fekk ikkje fleirtall for vårt syn.

For å gjer ei lang histori kort, vedtok eit enstemmig kommunestyre i vår å sende ut 1-4 alternativet til høring. Dagens struktur treng ikkje høring. Storskulealternativet vart ikkje sendt til høring. 1-4 alternativet har vært ute til høring, men ingen høringssvar anbefalte 1-4 alternativet.

Eg meiner vi er best tent med dagens struktur. Utbygging i følge vedtatt plan gir raskast framdrift. Planane for Sylte er ferdig og kan sendast rett ut på anbud og skulen kan stå ferdig om 2 år.

På Sylte kan vi  renovere gamledelen og bygge på tre klasserom pluss gymsal. Tegningane viser at dette blir eit veldig flott bygg og vi får ein fullverdig skule for 150 elevar til ca 50 mill.Gymsalen kan også brukast på kveldstid og blir ein resurs for alle i bygda. Det er billigare med påbygg på Sylte for elevane  fra Malme i staden for å bygge nytt for alle i Elnesvågen.

Haukås

Planane for skulen på Haukås må fortsette så fort som muleg. Ein ny skule for  dagens 260 elevar i Elnesvågen meiner eg er det beste alternativet. Foreldre i Elnesvågen eg har snakka med ønsker seg eit nytt bygg for elevane i Elnesvågen og ikkje nødvendigvis ein storskule der ein samlar alle elevane som fleire i lesarinlegg har tatt til orde for.

-Storskule med over 500 elevar gir større utfordringar til infrastruktur. Hente bringesone for bussar og bilar må ordnast. Rundkjøringa må på plass for å unngå kaos i rushtrafikken. Aanbefalt norm for uteområde kan bli vanskelig å innfri om storskulen skal bygges på dagens tomt.

Storskulealternativet må også ut på ny høring og mykje tid vil gå tapt før endelig konklusjon. Eg trur det vil ta 4-5 år før ein storskule kan stå ferdig da kanskje på ny tomt. Det har vi verken råd eller tid til.

Tornes skule er oppgradert og situasjonen der er bra. Med godt vedlikehold og oppgradering etter kvart som behova melder seg vil skulen kunne tene elevane og lærarane godt i lang tid framover. Uteområdet med bl.a. kunstgrasbane vegg i vegg med skulen er kjempeflott!Det er også billegare enn å flytte alle til Elnesvågen.

-Lærarnormen gjer at det ikkje er så mykje å hente økonomisk på å slå saman skulane som før                                                                                                                                                                          


Å fortsette med dagens struktur med gir:

-Større lærartetthet                                                                                                                                                    
-Helsegevinst, nesten alle kan sykle eller gå til skulen.                                                                                              
-Mindre behov for transport gir miljøgevinst                                                                                               
-Flotte uteområde med nok plass på alle skulane                                                                                   
-Infrastrukturen er enklare og billegare å få på plass                                                                                                              
-Meir innflytting med skule i nærmiljøet gir skatteinntekter på sikt.                                            
-Lettare å rekrutere folk til næringsvirksomhet med skule i nærmiljøet.                                                   
-Meir positiv holdning til sentrumsutvikling når bygdene rundt også blir tilgodesett med tenester.                                                                                                                                                     
-Nærmiljøet kan og bruke skulelokala på ettermiddag/kveld.

Elnesvågen ,Malmefjorden ,Sylte og Tornes blir fortsatt vekstområder i nye Hustadvika kommune og ved å beholde barneskulane blir det enda meir atraktivt å busette seg her.

Eg meiner fordelane med å realisere gjeldane vedtak med  bygging på Sylte og på Haukås vil tene innbyggarane i kommunen vår best ,totalt sett.

No må vi politikere vise vegen og kor det ber!

Trond Malmedal

Gruppeleiar i Fræna Senterparti