LESERINNLEGG

Informasjon om pengebruk til Møreaksen

«Som representant for arbeidarrørsla og ikkje minst som aktiv innafor idretten burde jo Riksfjord vete at openheit om pengestrømmane er svært sentralt for å halde oppe eit demokrati.»

Illustrasjon: Møreaksen / Statens vegvesen 

VI LHA SVAR: – I eit demokrati er det interessant med openheit og innsyn i kven som får økonomisk og anna støtte for å få fram sitt syn, meiner Bjørn Jacobsen (SV).  Foto: Kjell Langmyren

Leserinnlegg

Bernhard Riksfjord AP meiner i Budstikka 5. oktober at eg kjem med påstandar som ikkje held mål om Aukra kommune si støtte til Møreaksen. Det kan godt hende at det stemmer. Det er jo derfor eg spør om til kven og kor mykje pengar har Aukra kommune brukt til å jobbe for Møreaksen. Kven har mottatt løn, honorar og kor mykje har ein brukt på annonsekampanjar med meir?


 

Det er berre å svare på dette. Verre er det ikkje. Grunnen til at eg spør er at det finns minst tre alternativ til å krysse Romsdalsfjorden inkludert elferjer. Romsdalsaksen og Møreaksen står opp mot kvarandre. I eit demokrati er det interessant med openheit og innsyn i kven som får økonomisk og anna støtte for å få fram sitt syn.

Som representant for arbeidarrørsla og ikkje minst som aktiv innafor idretten burde jo Riksfjord vete at openheit om pengestrømmane er svært sentralt for å halde oppe eit demokrati. Eller var botnplasseringa Aukra kommune fekk i ei nasjonal undersøking i høve det å informere eigne innbyggjarar ikkje berre eit feilskjær, men ein aktiv politikk?


 

Eg har vore på møte med Romsdalsaksen sine folk på Vestnes og eg spurte dei korfor held de på med dette arbeidet, korfor driv de ikkje med andre fritidssyslar heller? Som eg tolka det, var dei, som mange andre skeptisk til 16 kilometer med tunnell under fjorden.

Men dei var først og fremst entusiastiske og full av iver for sin ide om Romsdalsaksen. Dei synes at dei gjer ein samfunnsinnsats ved å komme fram med eit godt og billegare, samt meir miljøvenleg alternativ. Dette arbeidet har dei gjort som frivillig innsats. Derfor spør eg korfor ikkje deira prosjekt får hjelp og kor mykje pengar som går til andre prosjekt.


 

Sidan vi først snakkar om Aukra er det merkeleg når vi har ein stor regionreformdebatt der kommunane blir oppmoda om å slå seg saman at ikkje gamle Sør og Nord Aukra burde vere aktuell for samanslåing? Midsund kommune er gamle Sør Aukra pluss Dryna som høyrde til Vatne før.

Aukra vil bygge milliardveg over Kjerringsundet til Midsund og brukar mykje av eigne pengar til dette. Aukra vil og ha fellesskapet til å vere med å betale for dette, men vil ikkje slå seg saman med gamle Sør Aukra. Heng ta her i hop?

Bjørn Jacobsen, SV


LESERINNLEGG

Fjordkryssing: «Blir prosjektene bare til glede for konsulentbransjen?»

«Jeg stiller spørsmålet fordi alle forutsetninger for diskusjonen er i ferd med å svikte», skriver Hilmar Windstad.

 

LESERINNLEGG

«En brann i slik tunell vil føre til panikk»

– Jeg finner grunn til å etterlyse avklaringer av sikkerhetsmessige forhold, særlig knyttet til brann i undersjøisk tunell.


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook