LESERINNLEGG

Hemmelege militære anlegg

KART OVER FORBUDSOMRÅDER: I romsdalsregionen er det tre områder som er omfattet av foto/film-forbudet. KrFU Møre og Romsdal reagerer kraftig på offentliggjøringen av alle landets militære anlegg på denne måten. SKJERMDUMP FRA NSM.STAT.NO 

Leserinnlegg

Møre og Romsdal KrFU reagerar kraftig over det at Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) etter bestilling frå regjeringa har offentleggjort oversikta over 239 militære anlegg over heile landet, fleire av dei hemmelege. Nokon av dei også her i fylket.


 

KrFU finn det spesielt kritikkverdig at NSM publiserer nøyaktig posisjon over skjermingsverdige millitære objekt, bl.a. fjellanlegg, radaranlegg, sambandsanlegg m.m.

Fleire fagpersoner har gått hardt ut mot denne offentligjeringa. Blant anna Ståle Ulriksen v/Sjøkrigsskulen, tidlegare sjef for Sjøheimevernet, Svein Jarle Jacobsen og tidlegare E-sjef Ola Kaldager.

Begrunninga for offentleggjering slik eg forstår det er at ein skal gjere det kjent for offentlegheita, då spesielt dronepilotar og fotografar, kva område der det er fotoforbud og droneforbud.

I Forskrift om objektsikkerhet står det: «Forskrift om objektsikkerhet innebærer at sikkerheten rundt bygg, anlegg og andre objekter blir styrket mot terror, sabotasje og spionasje.»

Problemet her er at ei slik offentleggjering ikkje sikrar desse annlegga. Tvert om!

Å gjere det kjent kvar desse anlegga held til gjer dei enda meir sårbare for spionasje, sabotasje og terrorisme når lokasjonen er kjend.

Om formålet er å unngå at folk skal ferdast i område med foto/droneforbud, er det kontraproduktivt å gjere desse plassane kjend.

Eg trur heller at det er derimot stor fare for at nysgjerrige og spenningssøkande individ vil oppsøke desse anlegga. Også dei med uærlige formål.

Her må regjeringa ta ansvar og ta grep umiddelbart!

Henning Holsvik,

Fylkesleiar Møre og Romsdal Krfu

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook