LESERINNLEGG

- Flytebru over Romsdalsfjorden, billigare, smartare, miljøvennlig og for folk flest

Med eller utan «NHO sine omtalte kranglefanter» flytebru over Romsdalsfjorden og Romsdalsaksen vert nok utgreidd uansett.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Bildet er tatt ved en tidligere anledning.  Foto: Richard Nergaard

Leserinnlegg

Alle forstår at når Møreaksen AS i full panikk, må brukar hundredetusener av kroner i annonser for sitt prosjekt, så har dei truleg ei meget dårlig sak. Kven av og korleis desse annonsene vert finansiert skal bli interresant å finne ut, er dette frå offentlige pengar frå Fylkeskommunen eller frå offentlige planleggingsmidlar? I så fall ei alvorlig sak i seg sjølv.

Bygging av 16 km med undersjøisk tunell under svært djupe fjordar vil ikkje folk flest og næringslivet ha, flytebru er eit vesentlig betre alternativ og betydeleg billigare. Miljømessig er flytebru på ein «anna planet» enn undersjøiske tuneller av dette slaget. Ei flytebru legg også til rette for gåande og sykklande, og er såleis også for «folk flest»

Eg legg merke til at enkelte i Møreaksen febrilsk forsøker å teikne eit anna bilde, utan at verken innbyggjarane eller næringslivet her i fylket biter på.Vi ynskjer fasiten på kva Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden som alternativ vil bli, gjeldande alle grunnlag slik som kostnad, samfunnsnytte, miljø og korleis dette kan løysast teknisk. Dette er grunnlaget for at vi ynskjer Romsdalsaksen og flytebrualternativet over Romsdalsfjorden utgreidd.

Når eg ser NHO og andre Møreaksen fanatikara sin framferd mot dei som har andre meiningar, blir det berre å «snu det andre kinnet til». Alle i Møre og Romsdal fylke skal jammen vere glade for at nokon torer å tale desse udemokratiske kreftene rett imot. Det er jammen snart på tide at innbyggjarane her i fylket tar tilbake makta, noko dykk faktisk enkelt kan gjere i valget neste haust. FrP i Møre og Romsdal ynskjer flytebru over Romsdalsfjorden og Romsdalsaksen skikkeleg utgreidd fram mot ny rullering av NTP i 2021.

Heldigvis er svært mange enige med oss i dette, og derfor føler vi oss trygge på at både stortinget og regjering ikkje setter igang og bygger noko som helst over Romsdalsfjorden før dette er gjort.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook