Lepsøy Bygdeutval, heretter (BU), vil med dette uttrykke ei sterk bekymring for framtida til øysamfunna og det nære omlandet i det som vert det nordvestlege hjørnet av den nye storkommuna Nye Ålesund. Kommunesamanslåingsprosessen er i full gang og eit stort område skal no styrast frå Ålesund. Dette er vedteken politikk og som i alle demokratiske prosessar, gjeld regelen om argumentasjon, vedtak og lojalitet her også. Det er slik demokratiet skal og må fungere, ein må innrette seg etter dei rammevilkåra som samfunnet har bestemt etter gjeldande reglar og skikkar for medbestemming. Men det var no ikkje kommunesamanslåing og demokratiske normer som ligg BU nærast på hjartet i denne omgangen, om det skulle vise seg at vegprosjektet vert stoppa er det likevel naturleg å ha dette i bakhovudet når ein ser på framtida for opplandet rundt vegsambandet. Sjølv om eit fullverdig ferjetilbod kjem på plass som erstatning, er BU redd for at dersom prosjektet ikkje vert realisert vil kommunedelen og  samfunna utover Nordøyane visne bort i løpet av eit par generasjonar.

Nordøyvegen øydelegg ikkje

BU har lit til at kommunesamanslåinga er rotfest i klare føresetnader om både effektiv drift av samfunna og rettmessig deling av samfunnsgode. Ein av berebjelkane i dette senarioet er rasjonell og effektiv flyt av arbeidskraft, varer og tenester. Etter oppslag i sunnmørspressa, BU har ikkje hatt tilgang til anna informasjon, er innleverte anbod for hovudentreprisa for Nordøyvegen prisa rundt ein halv milliard kroner høgare enn budsjettert. Det har kome fram, i same pressa, at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje ser løysing på dette reknestykket fordi fylket ikkje har tilstrekkelege omløpsmidlar til å handtere gjeldsbyrda i starten av prosjektet. BU er også uroa over at journalistar i sunnmørspressa skriv svært nedsetjande om prosjektet Nordøyvegen. Det er reinaste sop i hop med argument om fylkeskommunale kostnadar og kor stor del av den fylkeskommunale økonomiske kapasiteten Nordøyvegen legg beslag på. Realitetane er at prosjektet vart stemt gjennom på fylkestinget nettopp fordi vegsambandet ikkje øydelegg fylket sine muligheiter for framtidige prosjekt. Ei undersøkjande og ansvarleg presse kunne valt å så på prosjektet, eksempelvis frå ei samfunnsøkonomisk side og drøfta problemstillinga frå fleire synsvinklar. Det kan fort vise seg at investeringar som eksempelvis Nordøyvegen snarare vert grunnlaget for rasjonell økonomisk samfunnsdrift og vidare utvikling både på skule- og helsefronten, enn årsaka til at dette ikkje kan gjennomførast.

Ferjer eller veg?

Alternativet til Nordøyvegen er ferje og hurtigbåt. Denne løysinga er heller ikkje gratis, den vil dessutan vare så lenge det bor folk på øyane.  BU har rimeleg god innsikt i ferjespørsmåla på Nordøyane og i denne samanhengen kjem ein ikkje utanom spørsmålet om korleis utviklinga i ferjetilbodet vert om vegen ikkje kjem. Gjeldande anbodsperiode varer til 31/12 2018, med opsjonar kan dette strekkjast til 31/12 2022. Gjer fylkeskommuna vedtak om å stoppe nordøyvegprosjektet medfører dette at nytt ferjeanbod må lysast ut og no tek det til å bli innvikla. Fylkeskommuna må slik BU ser det fylgje stortingsvedtaket om miljøferjer. I praksis betyr dette at det må byggast nye ferjer for sambanda, slike fartøy finst ikkje i marknaden. Samstundes medfører dette at nye ferjeleier må byggast, innan utløpet av tredje og siste opsjonsperiode 31/12 2022. Spørsmåla i høve til eit slikt perspektiv er mange. Har mellom anna fylkeskommuna full oversikt over kostnadane knytt til ei slik utbygging, finst det tilgjengelege entreprenørar for slike prosjekt. Finst det tilgjengeleg elektrisk energiforsyning for å drifte ferjene med ein tenleg rutefrekvens. Kva blir prisen for slike anbod i framtida. Dersom fylkeskommuna vel ferjealternativet må dette vedtaket gjerast no. Sist men ikkje minst med skråblikk på overskridingane budsjettramma for Nordøyvegen, kan ein spørje om fylkeskommuna har tilstrekkeleg oversikt over budsjettmessige fallgruver i ei potensiell modernisering av ferjeleia og trafikkapasiteten i sambanda. BU er uroa over denne situasjonen fordi samfunnsrisikoen med omsyn til tenleg framtidsretta tilgang på kommunikasjon vert for stor.  Siste anbodsrunde vann Norled med eit anbod på ein milliard for 7 år det er ingen grunn til å anta at ferjekostnadane kjem ikkje til å minke i åra som kjem.

Skal bygdene leve?

Slik BU ser det er spørsmålet ikkje om Nordøyvegen skal fullførast, men om fylket og kommunane ynskjer ei framtid der bygdene på øyane vert ei konstant belasting på knappe kommunale budsjettrammer eller om ein vil legge til rette for eit livskraftig samfunn som bidreg til fellesgode og vekst  regionen. Hev vil BU også både minne om og sterkt understreke den spontane veksten som kom på Nordøyane etter at Nordøyvegprosjektet vart vedteke.

Omdøme og framtidige prosjekt

I ei bisetning kan det også takast med at ved ei eventuell terminering av nordøyvegprosjektet er det heller ikkje utenkjeleg med eit etterspel der juridiske aspekt vert trekt inn. Om ikkje utfallet vert erstatningskrav, så kostar slike prosessar både pengar og omdømme. Risikovurderingar i entreprenørbransjen kostar pengar og vil mest sannsynleg materialisere seg i høgare prising i komande prosjekt.

Der det er vilje finst der råd

Dei budsjettmessige overskridingane i nordøyvegprosjektet er naturlegvis store, men med bakgrunn i det som er nemnt ovanfor kan det likevel vera betimeleg å spørje om dei er uoverkomelege. I budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune går det fram at dei totale driftskostnadane er litt i overkant av 3,8 milliardar kroner (3, 827 737), av dette går 1,5 milliardar (1, 518 399) til samferdsle. Ser ein overskridingane i nordøyvegprosjektet i dette perspektivet vil dei auka kostnadane mellom ½  og 1 milliard kroner representera mellom 20 og 40 millionar kroner i ekstra rentekostnadar i noverande rentemarknad , altså i nærleiken av ein prosent av det fylkeskommunale driftsbudsjettet. Ein skal naturlegvis ikkje trekkje desse tankane for langt og tala er store. Spørsmålet vert likevel, er det mulig å balansere eit budsjett med så mange faktorar på så små marginar?

Med bakgrunn i det som er sagt ovanfor om samfunnsutvikling, bidrag til felles gode, kostnadar ved framhalden ferjedrift og ikkje minst beslutningsgrunnlaget dette må takast på, vil BU be alle involverte partar om å tenkje seg svært nøye om før det vert sett bom for ferdigstilling av Nordøyvegen.

For Lepsøy Bygdeutval Einar Kjerstad, leiar

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook