Ja, selvfølgelig ligger alle prosjekt i NTP "fast" i vedteken plan, fram til ny rullering i 2021.

Den siste tida sine erfaringar her i fylket, med Nordøyvegen og nytt Sjukehus og svært stor kostnadsvekst, bekrefter det en ser i alle andre store prosjekt her i landet.

Dei beste fagfolka som STVV har i region midt og andre ekspertar har fastsett anslaga på Nordøyvegen som er bygging av store bruer og undersjøiske tuneller. Dei bomma med 800 mill på eit anslag på ca 2 milliard kr.

Vi er allerede i ferd med å vere 2-3 år forsinka på gjennomføring av dagens NTP her i fylket.

I perioden 2017-2023 ligger følgende prosjekt inne her i fylket,  som skal gjennomførast før noko som helst anna skal vurderast;

- E-39 Betna- Stormyra

- E-136 fleire prosjekt i Romsdalen

- E- 136/39 krabbefelt Ørskogfjellet

- E-39 Lønset-Hjelset

- Lerstadvegen i Ålesund

- Blindheim- Breivika i Ålesund

- Bypakke i Ålesund.

Ingen ting av dette er oppstarta, og vi arbeider for å få desse prosjekta inn på kommande statsbudsjett.

Dette betyr tidligast oppstart etter anbod osv i 2019/20.

Det betyr at Møresksen som står i 2024-2029, alt er skubba ut i tid med minst 2-3 år, og vert sjølvsagt ikkje oppstarta og fullfinansiert før prosjekta som ligger inne i NTP i perioden 2017-2023 er finansiert og oppstarta.

Derfor har vi svært god tida til å utrede flytebruer på både Romsdalsaksen og Møreaksen.

Neste veke kjem FrP sin samferdselsfraksjon på Stortinget til Møre og Romsdal for å sette seg inn i både kravet om utredning av Romsdalsaksen, og gjennomgang av prosjekta som står prioritert på vent i NTP her i fylket.

Dei er til liks med regjeringa sjølvsagt opptekne av å kunne bygge billigare, smartare, tryggere og med ny miljøteknologi og vil i så måte sjølvsagt vurdere all ny teknologi innan samferdselsbygging.

Det er som kjent Stortinget som skal rullere og vedta ny NTP i 2021, såleis er det sterkt gledelig at vår samferdselsfraksjon kjem til Vestnes mandag 18 og får grundig informasjon ang Romsdalsaksen og flytebrualternativet for både Møresksen og Romsdslsaksen, samt deltek også på eit opent folkemøte ang NTP den 19/6 i Vestnes.

Kostnadane må ned på alle fjordkryssingsprosjekt på ferjefri E-39.

Såleis er det avgjerande at Romsdalsaksen vert utreda, og flytebruer vert utreda både på Romsdalsaksen og Møreaksen.

At eit fleirtal i dag i fylkesutvalget har " meldt seg ut av debatten" ikring ny miljøteknologi" og bruk av flytebruer, har egentlig liten betydning.

Nytt fylkesting i 2019 vil etter all sannsynlighet få eit nytt fleirtal som vil be om ei grundig utredning av Romsdalsaksen og flytebruteknologi for kryssing av Romsdalsfjorden.

Uansett, det er Stortinget som skal behandle dette spørsmålet inn mot ny NTP i 2021, og vår samferdselsfraksjon på Stortinget er i gang med arbeidet.

Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møte og Romsdal FrP.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Frank Sve