Møreaksen, med undersjøisk tunell på 16 km og 350 meters djup, skal byggjast, koste kva det koste vil. Dette var budskapet til Høgre og Torgeir Dahl, Arbeiderpartiet og KrF her i fylket.

Dei store samferdselsprosjekta her i landet har erfaringsvis fått ein kostnadsauke på cirka 40 prosent frå planlegging til bygging. Dette har vi smertelig fått erfare også i det fylkeskommunale prosjektet Nordøyvegen.

Fleirtalet i fylkesutvalget nektar å vurdere ny teknologi i form av flytebru, verken på Romsdalsaksen eller i Møreaksen. Dagens gammaldagse undersjøiske gigant-tunell skal byggast uansett, meiner desse.

Og det absolutt dummeste eg har høyrt på lenge, var en påstand eg såg no i dag, om at alle andre alternativ ikring Møreaksen ville ta 20 år før realisering.

Slike greinalause påstandar viser at ein tydelegvis «sluttar å tenkje klart» i sin iver for å stoppe utredning av flytebru over Romsdalsfjorden.

Møreaksen vil etter mange sin meining få eit kostnadsnivå på mellom 40-50 milliard kroner ved byggetid om 7–10 år. Dette er ikkje «tenk på eit tall», men med bakgrunn i rapporten frå Oslo Economocs som viser til kostnadsutvikling i slike prosjekt her i landet.

Haldninga til fleirtalet i fylkesutvalget viser at kostnadsreduserende tiltak som vurdering av langt billigare teknologi som flytebru, er totalt uinteressant for dei.

Vedlikeholdskostnadene ved Møreaksen sin undersjøiske tunell er berekna til 128 millionar kroner per år i dag, om 7–10 år er nok denne bikka 200 millionar kroner årleg. Alle forstår at dette ikkje går.

Trekker ein parallellen til Nordøyvegen, må fleirtalet i fylkesutvalget med Torgeir Dahl i spissen openbart vere klar for å bygge Nordøyvegen, koste kva det koste vil. For kostnadar betyr tydelegvis ikkje noko som helst for denne gjengen!

Det er openbart dei undersjøiske tunellane som er hovudsak i kostnadsdrivinga for både Møreaksen og Nordøyvegen.

Renovering av Fannefjordtunellen sitt nivå, auka med over 100 millionar kroner på eit året for Godøytunellen, pga. strengere brannkrav og EU krav. Dette vil også sjølvsagt skje i kostnadsutviklinga for Møreaksen.

Eg er rimeleg sikker på at det kjem til å bli utreda flytebru over Romsdalsfjorden. Det er iverfall ikkje slik enkelte hevdar, at dersom ikkje Møreaksen vert bygd slik den framstår i dag, så blir det ferjer til evig tid. For så vidt er dette en dårlig trussel, for fortsatt ferje er openbart eit alternativ.

Det nye fylkestinget i 2019 kjem til å ta stilling til flytebru eller ikkje, og det samme trur eg Stortinget kjem til å gjere for å forsøke å få kostnadsnivået ned betraktelig.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook