Men, egentlig heilt naturleg når Guttelvik presterer å bruke STVV region midt som grunnlag for sin saksutgreiing, som sjølvsagt forsvare Møreaksen og alt som har skjedd ikring dette prosjektet.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ynskjer ikkje å be departementet om ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen, med bakgrunn i at den er så "lik" tidligare Sekkfast-alternativet.

Gyttelvik viser til at Sekkfast-alternativet vart lagt vekk, med bakgrunn i at det ikkje var teknologisk optimalt i 2011-12.

Sitat: "Fylkestinget støtta Møreaksen framfor Romsdalsaksen på grunnlag av kunnskapen som eksisterte i 2012. Romsdalsaksen gjekk ikkje vidare grunna usikkerheit knytt til blant anna umoden teknologi i konsekvensutgreiinga (KVU) i 2011."

Samtidig meiner Guttelvik, at den same Sekkfast-utgreiinga er så hinsides mangelfull, at dersom ein skal utrede Romsdalsaksen til å kunne reelt samanliknast med Møreaksen, så må absolutt ALT frå KVU og andre utgreiingar ang Sekkfast gjerast på nytt til omlag 600 mill kr.

Kva betyr dette?

Jau, fylkesrådmannen hoppar bukk over at det i 2011-12 ikkje var reel flytebruteknologi til å kunne krysse Romsdalsfjorden. Han viser til dette, men gløymer at det er akkurat dette forholdet som no er det store poenget.

Kryssing av Romsdalsfjorden med flytebru, kan fort vise seg å kunne bli fleire milliard kr billigare enn Møreaksen, dette er endringsgrunnlager sidan 2011.

Derimot skal fylkesrådmannen ha stor takk, for at han på ein svært tydeleg og meget alvorlig måte, bekrefter at Sekkfast og andre alternativ til Møreaksen, aldri har fått ei likeverdig behandling gjennom KVU og andre utgreiingar.

Her viser Guttelvik til at dersom ein skal få ei utgreiing av Romsdalsaksen som er likeverdig med Møreaksen, så må alt som vart gjort i tidligare KVU ang Sekkfast, gjerast heilt på nytt til ca 5-600 mill kr.

Dette stadfester det vi har frykta, at STVV aldri har gjennomført likeverdige utgreiingar av andre alternativ til Møreaksen.

Korleis dette i realiteten var mulig å prestere å gjere, i ei sak der den Norske stat skal bruke mellom 35-40 milliard kr, er svært alvorlig og ufatteleg.

Det er no enda meir klart for meg at ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen og flytebrualternativer for kryssing av Romsdalsfjorden, skal og må gjennomførast.

Ein KVU for å vurdere om Romsdalsaksen er ett betre alternativ, kostar sjølvsagt ikkje 600 million, men kan gjennomførast på ca 1 år til nokre titals mill kr.

Dersom det viser seg at ein ynskjer å gå vidare med Romsdalsaksen, då er det nok reelt at vidare prosess med kommunedelplan, reguleringsplan KS1 og KS2 osv sikkert koster 5-600 mill kr.

Saka og det som no etter kvart kjem fram, reiser også en rekker med alvorlige spørsmål om korleis prosessen har vorte gjennomført.

Det er også andre forhold ikring denne saka, som gjer at både Riksrevisjonen og Stortinget sin kontroll og konstitusjonskomité burde sett på dette.

For meg er det umulig å kunne akseptere, at ulike alternativ i konseptvalgsprosessen, ser ut til å ikkje vere behandla på ein måte som har fokus på bruk av innbyggarane sine skattepengar, på en best mulig og forsvarleg måte.

Og det verste av alt, er at det som skjer no er rimeleg "utgått på dato" gjeldande både teknologi og økonomi.

Ferje over Romsdalsfjorden blir det i mange, mange år enda. Fylkesrådmannen viser til at det ligger inne 8 milliard kr i NTP i perioden 2024-2029 til å kunne starte opp Møreaksen.

Dette er direkte feil. Dette er ikkje pengar som er løyvd, men står i NTP siste planperioden, som betyr at dette er nevnt men heller ikkje noko meir.

Fortsatt manglar ein ca 30 milliard kr til Møreaksen i planen som vert rullert i 2021, og skal gjelde til 2033.

Dette har også STVV ytra bekymring for, med bakgrunn i at prosjektet er " milevis " frå å vere fullfinansiert.

Med dagens realitet , der Intercity er utsatt, Vegdirektoratet har meldt om fleire titals år med utsatt ferjefri E-39, og kutt i budsjettrammer i Statsbudsjettet, tyder det meste for at ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden ikkje akkurat skjer med det fyrste.

Såleis var det rimeleg " godt påkome" av fylkesrådmannen når han gjekk til STVV region midt, for å skaffe grunnlaget for saksutgreiinga.

Her viste han 100% kva han fekk tilbake, og eit soleklart forhold der en kan bruke ordtaket " bukken og havresekken".

Skulle Guttelvik få eit habilt svar i denne saka, måtte han sjølvsagt gått til STVV region Vest eller Rogaland.

Vi kjem uansett til å gjere det vi kan for ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen.

Gjennomføring av ein tilleggs KVU med det som ikkje vart gjennomført i 2011/12, er sjølvsagt med hovedfokus på flytebrualternativet.

Dersom ein ser at Romsdalsaksen bør velgast vidare, er 5-600 mill kroner til utgreiing for å mulig kunne spare fleire milliard kr, definitivt samfunnsøkonomisk forsvarleg.

Og ikkje minst, kunne bygge smartare, billigare, tryggare og med moderne teknologi .

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar

Møre og Romsdal FrP

Frank Sve