Vi står no på oppløpssida for å realisere både Møreaksen og Kjerringsundet. To svært viktige vegprosjekt med tanke på framtida til Møre og Romsdal fylke,  Molderegionen og Aukra og Midsund kommune. Dei som snublar på oppløpssida kjem sjeldan i mål. Det gjeld derfor no å halde stø kurs.

Bygging av Møreaksen er godt forankra i både lokale, regionale og nasjonale politiske organ. Vedtaka som er fatta byggjer på gode politiske, forvaltningsmessige og faglege prosessar.

Arbeidet med Mørekasen har røter tilbake til 1987 då selskapet Haram-Midsund-Aukra vart stifta. Dette viser at det tek tid frå ein ide om fastlandssamband dukkar opp til at ideen om fastlandssamband vert realisert.

I «Temaplan samferdsel: Fergefri E 39 gjennom Møre og Romsdal» ved Møre og Romsdal fylkeskommune (2006 – 2011) var konklusjonen at Møreaksen var det beste forslaget.

I Konseptutredning (KVU) frå Statens vegvesen som var ferdigstilt i 2011 var også konklusjonen at Møreaksen var det beste alternativet.

I Departementet si handsaming av KVU og KS1 (2012 – 2014) var konklusjonen i april 2014 at Møreaksen skulle vedtakast som trase.

I kommunane Molde, Vestnes, Midsund og Aukra har ein vedtatt kommuneplaner som støttar opp om Møreaksen som fjordkrysning. I Aukra kommune omfattar og kommuneplanen fylkesvegprosjektet Kjerringsundet. Eit prosjekt som koblar Otrøya og Gossen saman og gir øykommunane fastlandssamband i samband med at Møreaksen vert bygd. At Kjerringssundet er eit sjølvfinasnierande prosjekt gjer det ikkje mindre viktig å få det gjennomført.

I 2017 vedtok Stortinget Nasjonal transportplan (NTP) 2018 – 2029. I NTP er oppstart av bygging av Møreaksen satt til 20022-2023.

Bygging av Møreaksen er eit framtidsretta prosjekt. Når Møreaksen står ferdig vil Ålesundregionen og Molderegionen smelte saman til ein endå meir attraktiv plass å arbeide og bu i. Prosjektet vil og vere positivt for ungdom som ønskjer å flytte tilbake til fylket og som dermed tek med seg og både auka arbeidskraft og ny kompetanse.

Fastlandssamband for Aukra og Midsund kommune heng nøye saman med bygging av Møreaksen. Andre alternativ betyr kort og godt at Aukra og Midsund aldri vil få noko fastlandssamband.

Frank Sve (Frp) ivrar tydelegvis for andre alternativ enn Møreaksen. Her burde Sve lytte til lokallaget til Aukra FrP og alle andre politikarar i Aukra kommune som ønskjer Møreaksen.

Kjerringsundet som er avhengig av Møreaksen vil gje folket i Aukra og Midsund kommune eit etterlengta fastlandssamband. Det vil bli endå meir attraktivt å bu og satse i desse to kommunane, og det vil bety mykje for noverande og framtidig næringsliv.

Kjerringsundet vil og føre til store inntekter til Møreaksen gjennom auka trafikkgrunnlag.

Møreaksen og Kjerringsundet er to gryteklare prosjekt. Det gjeld derfor no å halde stø kurs og stå fast på vedtaka som er fatta, gjer vi ikkje det er eg redd vi rotar bort noko vi har jobba for i snart 30 år. Det er ikkje mykje framtidsretta.

Helge Kjøll jr.

Varordførar for KrF. i Aukra kommune

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook