Vi skal levere høyringssvar på KU med tilleggsutgreiing når den tid kjem, men har allereie no fått bekrefta frå fleire fagfolk at undersøkingane av bergkvaliteten ikkje held mål, og at det er fleire forhold ved KU-en som talar mot etablering av deponiet. Det er ikkje Isola-rapporten som er vår kjelde. EU-prosjektet Halosep er ikkje eit prosjekt for resirkulering av verdifulle stoff på Raudsand, men eit prosjekt for resirkulering og energiutnytting der avfallet oppstår, på ulike stader i EU-landa. Raudsand vil uansett vere feil plassering, mellom anna på grunn av den lange transporten i verhardt farvatn (t.d. Hustadvika).

Av og til har eg stilt meg spørsmålet kvifor forkjemparane for dette prosjektet ikkje finn ein alternativ og betre plass i Nesset kommune, både for industrianlegget og for deponiet. Når gruvene ikkje skal brukast, men nye fjellhallar skal sprengast ut, står ein mykje friare og kan sikkert finne ein eigna plass ved Langfjorden eller Eresfjorden. Transporten ville bli mindre risikabel. Innbyggjarane i Molde, Vestnes, Midsund og Rauma ville sikkert bli overlykkelege over ei slik etablering. Eller kanskje ikkje?

Kristin Sørheim

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook