Vi meiner alvor!

Politikarane i Midsund registrerer diskusjonen rundt førehandsinnkreving av bompengar til Møreaksen.

VARAORDFØRAR I MIDSUND: Frits Inge Godø.   Foto: Agnar Gjendem

Leserinnlegg

Vi har ikkje noko behov for å spreie rundt oss med populistiske programerklæringar. Det er mange nok som er gode til å byggje luftslott, men skal vi få til konkrete resultat må vi lage realistiske prosjekt der vi viser at vi tek vår del av rekninga.

Det har blitt sendt ei oppfordring til Statens Vegvesen om å starte prosessen med den brukarfinansierte delen av dette samferdselsprosjektet. Det er viktig at dette initiativet vert tatt no,  slik at vi er klar den dagen Stortinget gjev klarsignal for bygging. Dette betyr ikkje at innkrevjinga av bompengar skal starte no.  For oss er 2021 eit naturleg tidspunkt på grunn av nye anbod på desse ferjestrestrekningane og at det då er kort tid til oppstart av Møreaksen.

Møre og Romsdal må være offensiv og bruke dei same verkemidla som andre fylke med store fjordkryssingsprosjekt. Rogfast fekk innvilga sin søknad om førehandsinnkrevjing av bompengar i 2013 og som seinare vart fornya i 2016. Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen la fram denne proposisjonen for Stortinget, og den fekk brei tilslutning i Stortinget. Hordfast ønskjer no også å søkje om førehandsinnkrevjing. Kommunane rundt dette sambandet har ikkje gjort sine prinsippvedtak, men det har kommunane Molde, Vestnes og Midsund, og det føreligg ferdig reguleringsplan for Møreaksen. Møreaksen har derfor kome lenger i prosessen enn Hordfast.

Det er med stor glede vi registrerer at Kjerringsundsambandet vert sjølvfinansierande dersom det vert bygd samstundes med Møreaksen. For oss er det svært viktig at Gossen og det største industrianlegget i Nord-Europa får fastlandssamband. Dette knyter denne delen av fylket saman, og det styrkar også trafikkgrunnlaget for Møreaksen. 

Folket og næringslivet her på øyane har alltid betalt bompengar for å kome seg på fastlandet. Ein dugnad gjennom bompengar må til, skal dette sambandet realiserast. Førehandsinnkrevjing kan bety tidlegare oppstart, men også eit fastlandssamband som blir tidlegare nedbetalt. Den lokale vilja til å bidra er stor.


Frits Inge Godø

Gruppeleiar V


Inger Lise Trønningsdal

gruppeleiar H

Magne Reiten

gruppeleiar SP

Lars Hagseth

Gruppeleiar AP

Arnstein Misund

Gruppeleiar KRF