Gjemnes SV gjekk til val i 2015 på at Gjemnes skal halde fram som eigen kommune også etter kommunereforma. Og det blei i 2016 fleirtal både i folkeavstemminga og i kommunestyret for at kommunen skulle halde fram åleine. Samstundes leverte Angvik bygdelag krav om grensejustering til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei søkte om å få bli ein del av nye Molde kommune på vegne av alle dei fire bygdelaga i indre Gjemnes.

Våren 2017 vedtok Stortinget at Gjemnes skulle halde fram som eigen kommune. Hausten 2017 blei det bestemt av regjeringa at Fylkesmannen skulle følgje opp søknaden frå Angvik bygdelag, og utgreie saka om grensejustering for dei fire krinsane i indre Gjemnes. I januar 2018 ligg det føre ei innbyggarundersøking, der 57 %  av innbyggarane i dei fire bygdene samla, ønskjer ei slik grensejustering.

Saka skal endeleg avgjerast denne våren av regjeringa etter innstilling frå Fylkesmannen og uttale frå dei involverte kommunane. Mange stiller spørsmålet om dette er ei grensejustering eller ei kommunedeling, når ei eventuell frådeling vil gjelde ein fjerdedel av innbyggarane i Gjemnes?

Gjemnes SV oppfattar dette som ei sak om meir enn grensejustering. Dette handlar om frådeling og oppsplitting av Gjemnes kommune, som Stortinget tidlegare vedtok skulle bestå. Ei så drastisk endring må det vere fleirtalet i kommunen som tek stilling til. Eit knapt innbyggarfleirtal i ein fjerdedel av kommunen, kan ikkje avgjere skjebnen for heile kommunen. Vi oppmodar Fylkesmannen om at svarprosentane for JA og NEI i kvar av bygdene i innbyggarundersøkinga blir gjort kjende, før saka går vidare.

Gjemnes SV vil råde Fylkesmannen til ikkje å innstille på at bygdene Angvika, Flemma, Fagerlia og Heggem samla blir frådelte kommunen.

Uttale frå årsmøtet i Gjemnes SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook