Eg vil dele ei historie med deg som tipsa politiet i Molde om vinglete kjøring på eit vogntog ved Hjelset torsdag 15/9 -16 i 19.30 tida.  Eg var faktisk edru, men eg var litt pressa på kjøre og kviletids-bestemmelsane som ikkje var forenlige med ferjeavgangane, og eg prøvde meg på litt finlogistikk medan eg hadde rødt lys i vegarbeidet der. Lyset skifta til grønt litt før eg var klar, så eg kom til skade for å vingle litt før eg kom skikkelig i fart igjen.

I Molde sto politiet klar og venta på meg med promilleutstyr. Eg kjørte 60 mil denne dagen. Av dei 60 mila, så vingla eg litt ca. 300 meter under akselerasjon med eit  vogntog som var fullasta til 50 tonn og var ganske treigt i starten. Dette var tilstrekkelig nok for deg til å tilkalle politiet.

Kvelden før, onsdag den 14/9, før ein kjem til ferjekaia på Kanestraum, møtte eg ein personbil som kjørte forbi ein semi-trailer, bilen hadde samla seg opp ein del fart frå lengre bak i køen, og kom som eit skudd i mot meg på kliss våt vegbane. Eg kom ut av ein sving med vogntoget mitt, og fikk heile situasjonen nærmast i fanget, og greidde å bremse meg ned nesten til null før han passerte med eit sekunds margin.

Det samme skjedde ein gong tidlegare på Hjelset i 2013. Då hadde eg våre til Elnesvågen på Moxy fabrikken og lossa eit lass. På Hjelset kom ein politibil i mot med blålys. Rett foran ein sving nådde politiet igjen ein bubil, som sikkert fikk hetta når den fikk blålys etter seg. Bubil-sjåføren stoppa i alle fall foran svingen, og politiet la seg ut, men kom ikkje lenger enn opp på sida på bubilen, før eg kom rundt svingen med semi-trailer i 80 km/t. Situasjonen var låst, og eg måtte stoppe på 30 meter.

Det var kanskje den samme patrulja som eg berga livet til 3 år tidlegare som stoppa meg i Molde. Han som snakka med meg var ikkje hyggelig. Han sa "vi har fått en telefon på at du vingler", og når eg var edru, så las han kjepphøgt inn personaliene mine i politiradioen til sentralen. Ikkje noko beklager der i gården. Men varer finn dei på butikken etterpå likevel. Veldig ydmykande!

Sjølv om slike situasjoner som eg har nevnt her egentlig skjer meg som yrkessjåfør ganske ofte, så driv eg ikkje å anmelder nærmast Gud og ein kvar mann fordi  dei har blitt litt uheldige med sine handlinger. Det er slett ikkje sikkert situasjonen dei er i der og då beskriv korleis dei er til vanleg i trafikken. Og hadde nokon fulgt etter meg som kjører opp under 250- 300 mil kvar einaste yrkes-veke med lupe, så hadde nok eg gått ganske fort tom for prikker eg og. Ein kunne ikkje hatt eit slikt yrke rett og slett.

Vis heller hensyn og vik unna fram for moralisere, stå på sin rett, eller angi andre. Anmeld kun det mest åpenbare. Husk at dersom ikkje, då blir det veldig fort din tur neste gong. Og eit slikt samfunn vil eg rett og slett ikkje ha. Tenk på kor felt det måtte ha vore her under krigen.

Og til slutt til dei som er heilt hekta på Null Visjonen. Husk at der fins grøfter på begge sider av vegen. Alle disse EU-direktiva og byråkratiet som følger med, gjør at ingen til slutt har lunger til å puste med, og at Norge derfor er på full fart til å bli ein B-nasjon

Terje Nygård, Stryn

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook