I diskusjonen om ein prøveperiode med bompengefri ferdsel rundt Tresfjorden vert det sett fram påstandar som ikkje er i samsvar med verkelegheita, nemleg at dei einaste som vil tene på fri ferdsel rundt Tresfjorden er utanlandske trailerar.

For det første, når mange i Tresfjorda ikkje vil ha bompengar for personbiltrafikken, også vi som søv nær vegen og høyrer kvar einaste bil, er det fordi bompengar for tilreisande utan brikke vil vere eit hinder for aktivitetar i bygda.

Det gjeld arrangement med tilreisande frå stader der det ikkje er vanleg med AutoPass-brikke i bilen (som Gapskrattfestivalen, Syltemartnan m.m.) og turistar med bil frå andre land i Europa.

Viktig er det at meirkostnadene som bompengane fører med seg, vil vere eit betydeleg hinder for utvikling av turistverksemd innafor bommane. La meg ta eit eksempel frå mi eiga vesle verksemd (som eg gjerne skulle sjå kunne vekse seg større!).

Vi er ikkje sjeldan vertar for familiesamlingar der folk kjem frå ulike land både i og utanfor Europa, og tre bilar frå ulike europeiske land er det ikkje uvanleg å sjå på tunet vårt. Desse bilane som folk køyrer heimanfrå, til dømes frå Frankrike, Tyskland, Slovakia eller Russland, har ikkje AutoPass-brikke.

Ein dagstur til Trollstigen, Geiranger eller Atlanterhavsvegen vil då koste kvar av bilane 45 kroner kvar veg ut og inn av bygda med bompengeordninga slik den er no, til saman 270 kroner per døgn for storfamilien – denne ekstraskatten gjev sanneleg ikkje oss i Tresfjorda nokon konkurransefordel!

Dette burde alle som har med næringsliv å gjere kunne forstå, men det vert elegant underslege i avisinnlegga eg har sett. Når ymse bru- og kommunetoppar seier turisme er noko Tresfjord bør satse på no når det er blitt så stilt og roleg her inne, kunne ein vente at dei også ville legge til rette for turisme.

I realiteten set dei opp hinder for turisme og utvikling i bygda når dei vil halde på bompengeordninga (for personbilar) og avviser ein bompengefri prøveperiode.

Tungtrafikken rundt fjorden ønskjer nesten ingen å få attende. Avgjerda bør derfor vere veldig grei å ta, no når bommane står der og kostnaden med å rigge dei opp allereie er teken: for tungtrafikken treng me knapt noka prøveordning, det måtte vere for å sjå om tungtrafikk «lekkasjen» frå brua blir så liten at bommane kan fjernast heilt. Toleransen for tungtrafikk-lekkasje bør vere svært liten.

Derimot er det viktig med ein bompengefri prøveperiode for personbiltrafikken, fordi det er med personbiltrafikken at bommane er eit problem for utviklinga i bygda. Det er bompengane for personbilar utan brikke som bør vekk, ikkje på grunn av bygdafolket som godt tåler å ha ei brikke i bilane sine, men av omsyn til framtida for arrangement som Gapskratt-festivalen, Tresfjord-revyen og Tresfjord-marknaden, og ikkje minst for å legge til rette for vidare vekst og utvikling av næringslivet i bygda (turisme).

Heller enn å slå barnet ut med vaskevatnet og prøve å få stoppa ein bomfri prøveperiode på grunn av det alle vil ha vekk, nemleg tungtrafikken, bør bruselskapet bruke energien på å finne ut kor mykje «lekkasje» av personbiltrafikk frå brua dei kan tåle. Dei som bur langs strendene bør tenkje over kor mykje personbiltrafikk rundt fjorden dei kan leve godt med. Tungtrafikken må gjerne fortsette å ha bompengar, om bruselskapet er så sikre i si sak at det vil «drifte» bommane utan å teste først om det går bra med heilt fri ferdsel.

For all del, la oss får ein prøveperiode med bompengefri (personbil-) trafikk slik at vi får vite kor stor «trafikklekkasjen» frå brua rundt fjorden blir i det verkelege livet! Ei avgjerd bør ikkje vere basert på usikre prognoser og gjetningar som det vil vere usemje om i all framtid. No har eg inntrykk av at «lekkasje-prosenten» berre stig meir og meir jo ivrigare prøveperiode-motstandarane blir.

--

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook