Nynorsken er under press

«Det er ein styrke å ha to likeverdige skriftmål.»

  Foto: Per Kåre Tveeikrem

Leder

Nynorsk er under sterkt press som målform i skolen. Denne veka fall ein ny skanse då avrøystinga mellom dei som eig delar i den private skolen i Torvikbukt valde bokmål som opplæringsmål for elevane. Bokmålsfolket knuste nynorskfolket med 123 stemmer mot 74.

Utviklinga i Gjemnes dei siste åra teiknar eit godt bilde på korleis utviklinga går. Fram til for få år sidan var det berre ein bokmålsskole i kommunen; Gjemnes skole. På det meste hadde Gjemnes fem skolar som alle dreiv opplæring på nynorsk. I dag er berre Angvik skole att som nynorskskole.

Målrøystingar har lett for å utvikle seg til opprivande strid mellom tilhengarar av nynorsk og tilhengarar av bokmål. Det verkar som om ein i Torvikbukt har klart å halde ein ryddig argumentasjon i framkant av røystinga. Styret for den private skolen i bygda gjorde klokt i å takke nei til eit tilbod om sponsing av skole- bøker frå lokalt næringsliv i fall det enda med bokmål. På detviset kunne økonomiske argument leggjast døde.

I tida som kjem blir det interessant å sjå kva følgjer frammarsjen til bokmålet i skolen får for Gjemnes som kommune. Kommunen har i dag nynorsk som skriftmål for administrasjonen. Er det berre eit tidsspørsmål før nynorsken forsvinn også i administrasjonen?

Vi bur i eit tospråkleg område. Fylkeskommunen har nynorsk som målform. Fleire kommunar har òg nynorsk som målform for administrasjonen. I Norge har vi eit prinsipp om at alle barn skal lære både bokmål og nynorsk. Poenget med å lære seg to skriftmål er at då kan kvar einskild av oss med tida velje sitt personlege skriftmål.

Å ha to likeverdige skriftmål, kan vi ikkje sjå annleis på enn at det er ein styrke. Dei som beherskar nynorsk like godt som bokmål har ein fordel. Greier vi å sjå måldebatten frå ein slik synsvinkel, vil det bli ei mykje ryddigare og respektfull meiningsutveksling kvar gong val av skriftmål kjem opp til debatt.