LEDER LØRDAG 16. NOVEMBER

Det mest ærlege politikarane kan gjere, er å innføre autopass-systemet snarast råd.

Sei sanninga: Det mest reinhårige politikarane kan gjere, er å fortelje at autopass skal takast i bruk, og det blir mykje dyrare å ta med seg bilen på ferjene i 2020. FOTO: bjørn brunvoll 

Leder

Same korleis ein snur og vender på det: Det kjem til å bli dyrare å reise med ferjene i Møre og Romsdal dei komande åra. Dei siste dagane har vi sett korleis fylkeskommunen planlegg å auke betalinga dei ferjereisande må ut med. Først kjem takstane for ferjereiser til å bli sett opp med to takstsoner. For mange utgjer det ein tikroning eller to for å ta bilen med på ferja. Den takstauken er ikkje nok; politikarane ser ingen annan utveg enn å auke ferjetakstane med ein takstsone til frå nyttår. Men ein er ikkje i mål med det; i løpet av første halvåret 2020 skal også Møre og Romsdal fylkeskommune innføre ordninga med automatisk billettering, også kalla autopass.

Med autopass-systemet er det bilane som betaler på ferja, passasjerane reiser gratis. Reknestykket er i grunnen enkelt: Når passasjerane slepp å betale ferjebillett, må bilane betale desto meir for at det skal bli like mykje pengar i kassa. Reknestykke syner at ein bilførar som i dag betaler 109 kroner for å reise med bilen på ferja, med autopass må betale 155 kroner. Prisen gjer eit hopp på 42 prosent!

I samferdselsutvalet tok Framstegspartiet til orde for å ta i bruk autopass-systemet, men krevje betaling også frå passasjerane. Då ville bilistane sleppe rimelegare unna. For fylkeskommunen er billettering av passasjerane neppe god butikk, for skal passasjerar betale på ferja, må det vere ferjemannskap til å ta betalinga. Automatiseringa med autopass blir berre halvvegs. Det er lov å ønskje seg ting. Hadde kystfylka stått saman om å lage system der passasjerane også betaler på ferjene, kunne denne bastarden av ei løysing hatt ein sjanse. Å vere einaste fylket i landet som har sin eigen vri med passasjerbetaling på ferjene, vil i lengda bli heilt umuleg.

Det mest ærlege fylkespolitikarane kan gjere, er å innføre autopass-systemet der berre bilane betaler, så fort det er praktisk muleg, seinast 1. mai 2020. Så får politikarane nytte tida til å auke presset inn mot regjeringa for å sende meir pengar til fylkeskommunen for å ta i bruk miljøferjer og effektivisere betalinga.

Møre og Romsdal og kystfylka blir neppe høyrt i 2020, men staten må frå 2021 auke ferjestøtta, så ferjereisande ikkje føler dei blir rana når dei reiser med ferjene.