Få ting er så kjenslevart som språket vårt. Orda vi skriv, måten vi uttrykker oss på fortel mykje om kven vi er. Språket er ein viktig del av identiteten. Derfor er det ein særdeles viktig debatt politikarane i den nye storkommunen Molde skal ta når dei skal avgjere kva for målform den nye kommunen skal ha. Fellesnemnda, der representantar for kommunane Nesset, Midsund og Molde er med, var samde om at målforma blir opp til det nye kommunestyret å avgjere. Mister nynorsken det administrative fotfestet, blir nynorsken med tida utradert.

Har samanslåinga av kommunar noko med målform å gjere? Stadig fleire ser at her er ein samanheng. Noregs Mållag laga for fire år sidan ein rapport der dei peika på at kommunereforma er ein fare for nynorsken. Dei fryktar at nynorsken blir slukt, og at bokmål vinn fram i kampen om å bli administrasjonen si målform. Noregs Mållag trekk fram at under den førre store kommunereforma, i 1964, forsvann to av tre nynorskkommunar.

Møre og Romsdal er eit rikt språkfylke der det er plass for begge målformer. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har nynorsk som administrativ målform, det same har fylkeskommunen. I fleire kommunar er dei språknøytrale, det vil seie at det er fritt fram å velje den målforma som passar best. I fleire kommunar har nokre skolar bokmål, andre har nynorsk som hovudmål. Det høyrest fint ut å ha språknøytrale kommunar, men eigentleg har ikkje ein språknøytral kommune plikt til eller ansvar for å sjå til at begge målformer blir tatt vare på.

Politikarane i det nye Molde kommunestyre må sjå til at alle har den same retten til språk og målform. Det vil vere logisk å krevje at kommunen lagar retningsliner for språkbruk. Skolane må ha bibliotek og medietek der begge målformer er godt representerte. Kommunar der barn, ungdom og vaksne meistrar både bokmål og nynorsk, har ein språkleg rikdom som ikkje må gå tapt.

Mister nynorsken det administrative fotfestet, blir nynorsken med tida utradert.