[LIABONDEN]

EI LITA VERD

Kommentar

Eg er ein omstreifar på Tellus, denne vesle kloten som snur seg kring seg sjølv og kring ei stjerne som er sola vår, og ho er på ei ufatteleg langferd i fylgd med det endelause djupet Mjølkevegen – som òg er på veg inn i ei endå djupare endeløyse. Og denne månen om nettene, han òg på ustanseleg ferd i ring kring oss på Tellus.