Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem.

Vald kan vere så mangt, og det rammar oss ulikt. Det kan vere fysiske handlingar som slag og spark, eller psykisk vald som truslar, krenking, kontroll og audmjuking. Vald kan også vere av seksuell art, som valdtekt, incest eller berøring som ikkje er ønska.

Kommunane har ei viktig rolle i å førebyggje, avdekkje og hindre vald og overgrep. Kommunane skal også følgje opp og behandle både personar som er utsette for vald og personar som utøver vald.

Vald i nære relasjonar

Eit særtrekk ved vald i nære relasjonar er den tette samanvevinga mellom vald og kjærleik, sidan valden er utført av eit familiemedlem. Valden kan komme frå ein samlivspartnarar, barn, søsken, foreldre eller andre som lever i stabile bufellesskap. Dette gjer at det for mange er svært vanskeleg å fortelje om valden. Den kan også vere svært vanskeleg å oppdage.

Dessverre rammar vald og overgrep ein stor del av befolkninga i Noreg. Dei helsemessige konsekvensane kan vere omfattande, langvarige og i verste fall livstruande.

Gir samfunnet store kostnader

I tillegg til dei store konsekvensane for den enkelte, har vald også store samfunnsøkonomiske kostnader i form av auka behov for hjelpetiltak i skulen, psykisk og fysisk helsehjelp, barneverntiltak, og dessutan hjelp frå krisesentertilbod, sosialhjelp og auka behov for politiressursar.

Riksrevisjonen la i fjor fram rapporten: «Vil gjerne vita meir: Kompetansebehov om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald blant tilsette i opplærings- og integreringstenesta». Denne avdekte alvorlege manglar og fleire forbetringsområde innafor tverrsektorielt arbeid i møte med vald i nære relasjonar. Mellom anna vart det oppdaga ein manglande kunnskap om opplysningsplikt, og om plikta til å hindre vald. Lærarar, barnehagetilsette og fastlegar manglar kunnskap om korleis dei kan oppdage vald i nære relasjonar.

Slike svakheiter i det heilskaplege hjelpetilbodet kan innebere at dei valdsutsette ikkje får den hjelpa dei treng.

Særleg vart manglande kunnskap om æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting framheva. Slikt kan føre til at saker ikkje blir avdekte og at valdsutsette ikkje får tilstrekkeleg og riktig hjelp.

Fleire tiltak skal betre situasjonen

Som eit resultat av riksrevisjonen sin rapport vart det sett i gang eit arbeid på tvers av fleire departement. Arbeidet skal munne ut i ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar, med særleg fokus på sårbare barn og vaksne. Planen skal vere klar i løpet av 2023.

Endringane i velferdslova, med verknad frå 1. august i fjor, spelar også inn her. Endringane skal styrkje oppfølginga av utsette barn, unge og familiane deira. Plikta til å samarbeide, samordne og koordinere vert understreka. Alle som er utsett skal få sin eigne individuelle plan.

I opplistinga over tiltak er det også naturleg å minne om FNs barnekonvensjon. Denne gir barn ein spesiell juridisk status, og seier mellom anna at alle barn har rett til at ingen fysisk eller psykisk skadar eller misbrukar dei.

Eit av dei prioriterte oppdraga som Statsforvaltaren har fått frå regjering og Storting, er nettopp å jobbe for gode oppvekstvilkår og eit godt og samordna tenestetilbod til utsette barn og unge. For å få til dette, må vi samarbeide godt på tvers av tenester i kommunar og helseføretak, med dei dette angår, med pårørande, kompetansesenter og med frivilligheita.

Planar sikrar tilrettelagte og heilskaplege tilbod

Handlingsplanar er sentrale verktøy for å sikre eit heilskapleg og samanhengande tilbod i kommunane. Planane kan også vere effektive verktøy for godt samarbeid mellom og innanfor kommunale og statlege tenester. Dei systematiserer og koordinerer arbeidet, og sikrar at dei som er ramma av vald får eit tilrettelagt og heilskapleg tilbod.

Torsdag 20. mars vart handlingsplanen mot vald i nære relasjonar godkjent i kommunestyremøte i Averøy kommune. No har alle kommunane som er knytt til Krisesenteret Nordmøre godkjente handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Med det er eit solid arbeid gjennomført her i fylket. Alle kommunar som er eigarar inn i dei fire krisesentera våre har no godkjende planar.

Det er vi hos Statsforvaltaren svært nøgd med. Vi håpar at planane vil gi meir merksemd på problematikken. Vi håper handlingsplanane også vil gi betre tenester til dei som opplever, eller står i fare for å oppleve, vald i nære relasjonar.

Ikkje i mål Sjølv om nesten alle kommunane i fylket no har handlingsplanar, er vi ikkje heilt i mål. Mykje arbeid ligg i å gjere planane kjent internt i kommunane. For ein plan er ingenting verd om han ikkje fører til både gode førebyggjande tiltak, og til at dei som opplever vald blir godt møtt og tatt vare på. Dei som utøver vald, må få hjelp til å endre åtferd. Å ha eit krisesenter som føljer lovverket, og som har likeverdige tenester både for menn og kvinner, er ein føresetnad for å kunne få dette til.

Det finst fleire kompetansekurs og tilskot til kommunar. Desse kan vere med å drive arbeidet på dette området framover. Det offentlege har eit stort ansvar, og skal sørgje for at tenesteapparatet og lovverket fungerer til det beste for desse innbyggarane.

Vi kan alle bidra

I arbeidet mot vald i nære relasjonar kan alle bidra. Vi kan alle sjå etter, og tørre å spørje når vi kjenner på bekymring. Vi må våge å undre oss over kollegaer som ofte har falt og skada seg i helger og feriar. Det same gjeld barn, eldre og pleietrengande. Det å førebygge og oppdage må skje på fleire arenaer samtidig – der kor folk lever og bur.

Målet vårt er sosial berekraft. Trygge og gode oppvekstvilkår, gode lokalsamfunn og eit hjelpeapparat som er tilgjengeleg og kvalifisert når vald blir avdekt. Alt vi gjer for å skape trygge og gode levekår, er med på å førebyggje vald i nære relasjonar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal