Ho legg fram tal og diagram kor framstillinga er så innvikla og ufullstendig at politikarane, frå hovudutval til formannskap og kommunestyre, nøyer seg med å røyste JA. Dei sluttar seg til alle framlegga hennar, eller overlet til administrasjonen å finne løysing – utan debatt og vedtak. Ikkje ein gong ordføraren har innvendingar.

Norsk Forbund for Utviklingshemmede sin leiar i Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne, Knut Berge, har fleire gongar vist i RB kor galt budsjett- og økonomiplanlegginga går føre seg. Men svara frå kommunalsjefen manglar.

Kommunalsjefen skal spare millionar i Bo- og habiliteringstjenester, og legg ned 22 årsverk. Det gjer ho med å ikkje fylle ledige jobbar. Skal fleire ufaglærte og vilkårlege vikarar gjere jobben? Har ho rekna på kva det kjem til å koste i ekstra mannskap å takle frustrasjon og utagering hos dei som får tenester?

Vidare fortel kommunalsjefen om eit draumeslott av eit nytt bufellesskap. Ho skal samle dei ressurssvakaste i getto med «forsterka» husvære. Folk som har vunne attende tapt ferdigheit skal ho ha inn i bufellesskap for å spare pengar. Der tar ho igjen feil.

Støtt fortel ho at drifta i sektoren ikkje er berekraftig. Berekraft handla i utgangspunktet om naturmangfald og ivaretaking av naturressursar. På eit tidspunkt har økonomane stole ordet, og gjort det til sitt. Når kommunalsjefen nyttar ordet, så må ho vere instruert av blåruss i Molde rådhus.

Det kan sjå ut som om denne eine kommunalsjefen har fått oppgåva med å få heile Molde kommune til å gå rundt. Det er ikkje ein kommunalsjef for helse og omsorg si oppgåve å sørge for dei lystige, men ikkje lovpålagte oppgåvene i Molde kommune.

Vi to, som pårørande, har utfordra kommunalsjefen, men vi får aldri svar. Både kommunalsjefen og hovudutvalet for helse og omsorg får stadig kritikk i avisa. Men svar kjem ikkje.

Etter det siste debattinnlegget frå ovannemnte Knut Berge, refererte SVs Bjørn Jacobsen avisoppslaget i kommunestyret då rapporten frå kontrollutvalet var oppe til debatt 20. april. Då tente ordføraren. Han tok ordet og hevda at oppslaget i avisa var usant. Hendinga blei ikkje referert i avisa etterpå.

Kvifor kjem ikkje ordføraren med svar på kritikken i avisa? Kvifor utfordrar ikkje avisa han? Kvifor let ordføraren ein kommunalsjef vere frontfigur for mangel på politisk styring? Har ordføraren velsigna mangelen på politisk leiing og ein administrasjon utan politisk styring?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal