Næringsdrivande og gårdeigarar på Bolsønes får rasert sine eigedommar fordi Staten nekte å legge tunnelen heilt fram til Lergrovik med avkjøring til Reknes og Bolsønes. Vegvesenet si løysing for Bolsønes er så dårleg at dei foreslår å bygge ein bilveg til sør for mastodont krysset sitt!

Alt dette kan unngås om ein let Fannestranda vere i fred og bygg tunell. Det blir i tillegg 767 millionar billegare enn å bygge 4-felts veg. Alt dette rekna ut i frå Vegvesenet sine eigne opplysningar. Tunnel tar størsteparten av trafikken og Fannestranda kan brukas som i dag med enda meir sykkel og gange.

Teknisk utval har tidlegare einstemmig vedtatt at ein ønska skriftleg stadfesting av at det er umuleg å få til avkjøring til Reknes. Ingen følger dette opp og stillar rette vedkommande dette spørsmålet! Folk i Molde holdes for narr. Ein skal kjøre til byen vestfrå, men må til Statens trafikkmaskin på Bolsønes øst for byen og så kjøre tilbake!

Ordføraren sine parti forstår også galskapen i dette då dei foreslår: «Hovedutvalg for Teknisk, plan, næring og miljø ber om at tunnelløsningen tilrettelegger for at en framtidig forlengelse av tunnellen til Legrovik skjer uten at trafikken kommer ut i dagen på Bolsønes».

Dei forstår at dette er feil og trur at det blir bygd tunell i framtida. Men skal dei då få løyst problemet med at Vegvesenet nektar avkjøring?

 SV foreslo og fikk kun støtte av MDG:

«l. Det utredes 2 felts tunell Bolsønes- Lergrovik med avkjøring til Reknes og Bolsønes.

2. Det vises til SVVs utredning fra feb 2020 for 4-felts veg i dagen der tunell er 767 millioner billigere enn 4-felts i dagen.

3. Fannestrandvegen beholdes med to felt og det bygges gjennomgående sykkelveg og gangfelt.»

Sjølvsagt er eg mot Møreaksen og innrømmer gjerne at han ville vere lettare å svelge om staten sin Europaveg 39 gikk i tunell, gjennom, i staden for å rive og støye ned delar av Molde.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal