Grunn til at eg sa det var at Per Øverbø passerte oss på veg ut av kommunestyresalen. Eg gjentek det gjerne skriftleg her i Romsdals Budstikke at meir fakta om Raudsand enn det du finn blant bostyrets medlemmar finns knapt.

Molde kommune er i mekling med statsforvaltaren i Møre og Romsdal om motsegn/innsigelse til endring av reguleringsplanen fordi endringane er vesentlege. Molde SV har heile tida hevda at vi treng ein ny reguleringsplan for Raudsand. Merkeleg er det då at i planprogrammet for Molde kommune skal indre delar av kommunen komme til sist. Vilja til å la oss få ein ny reguleringsplan er lik null.

Vindkraftutbygginga, som har skapt store problem og konflikt, blei gjort etter energiloven. Dette er nu endra til Plan og bygningsloven fordi då får kommunen og folk lokalt være med å bestemme. Verre er det ikkje for Raudsand heller. Ny reguleringsplan gjer oss alle eit felles faktagrunnlag.

Så har SV i stortinget lagt inn eit forslag om opprydding i alle 15 gruver som staten har hatt heimfall på. I høringsuttale frå 2018 «Reguleringsplan Bergmesteren, Raudsand» står det at det er grunn til å anta at det ble importert 1,5 millioner tonn. For meir informasjon om omfanget av import og gjenvinning av avfall les brev fra SFT og dommane frå dei tre rettsinstansane som finns på lovdata.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal