Etter å ha levd ved Gaustadvågen i over 80 år, har eg bada der om sumaren og gått på skeiser om vinteren. Den har alltid vore der, som ein del av naturen og naturgrunnlaget, som er akseptert, utan å legge spesiell vekt på eigenverdien den måtte ha i dagens samfunn.

Det har vore planer om eit naturleg fiskeoppdrett i Gaustadvågen, men planene vart aldri realisert. Student Asbjørn Ørjavik tok si hovudoppgåve på å undersøke vasskvaliteten for livsvilkåra i brakkvatnet, som er avhengig av ei viss utskifting for at fisken skal leve. Det var kanskje nokre ungdomar som var fugleinteressert og bygde seg ei kamuflert utsiktshytte på Rokstranda, som med sitt engasjement var med og sette fokuset på det rike fuglelivet som er i Gaustadvågen.

Det vart i 2005 bygd eit utsiktspunkt i Gaustadsvingen med gapahuk, kikkert og informasjonstavler om fuglelivet i Gaustadvågen. I år har plassen fått nye opplysningsskilt ein kikkert er utskifta og gapahuken og borda på rasteplassen er beisa. Det manglar  også framleis toalett. Det er heller ikkje vatn eller straum til dei mange som kjem med bobil og overnattar på plassen, fordi det ikkje er tilbod til bubilturistane.

Ramsarkonvensjonen som verner dei viktigaste våtmarker, vart underteikna i byen Ramsar i Iran i 1971 og Norge var eit av landa som ratifiserte avtalen. På landsbasis er det 64 område,  som er freda i Ramsarkonvensjonen. Fylkesvegen forbi utssiktsplassen har også nummer 64, litt av eit samantreff.

Etableringa av utsiktsplassen gjorde også at eit stykke av den gamle riksveg 64 ligg der som ein dokumentasjon på vår historiske vegstandard, noko som gjerne kan nyttast også til å vise turistar og andre.

Våtmarksområdet Sandblåst- Gaustadvågen er eit av områda som fekk si forvaltningsplan  i 2012 og statsforvaltaren har slik kontrollansvaret  med området. Informasjonstavla viser at det er meir enn 40 fuglearter i Gaustadvågen, som går over til Sandblåstvågen før den går ut i sjøen i Bjørnvika.

Hustadvika kommune laga si masterplan for betre å kunne legge til rette for at turistane som kjem til Atlanterhavsvegen skal finne tilbod som gjer at dei vert her fleire dagar og at ein forlenger sesongen til meir enn ferietida.

Atlanterhavsvegen vart av mange i 1989, då vegen opna,  spådd at den kunne verte ei lokal gullgruve. Når ingen har ingen funne gull kan det kan vere fleire grunnar til det.

Planane til Nasjonale turistvegar har nok vore meir til hinder, enn til å framskunde utviklinga. Fiskebruene kosta det mykje å bygge og er gratis å bruke. Det same er no sidan 2001 også Atlanterhavsvegen vore.

Foto: John Johnsen

Nasjonale turistvegar hindrar  med si eiga verneplan også utvikling langs vegen, utanom sine eige prosjekt, som det er sterkt delte meiningar om. Den interkommunale plana mellom Eide og Averøy over øyane har ikkje fylkeskommunmen rullert slik den skal etter plan og bygningslova. Krava i plana er heller ikkje oppfylt med skilting slik plana sine vedtak krev.

Svanesjøen. Det var valget av musikkstykket Svanesjøen som fjernsynsfotografen bruka som bakgrunn for den fine svanereportasjen sin som ga meg aha-opplevinga av kor fin natur vi har å vise fram og eit våtmarkområde vi kan vere stolte av å ha i bygda vår.

Min neste tanke er å presentere dette slik at også andre kan ha interesse av å utvide turistsesongen frå oktober til jul for å oppleve fuglelivet med svanesangen i Gaustadvågen. Når Tromsø kan selje nordlyset, må vi også kunne selje natur og fugleliv. Det gjeld å vere kreativ og nytenkande.

Salige Ingolf Mork var med i komiteen i 2005 og han fekk i tillegg til utsiktspunktet lagt ein tursti langs Gaustadvågen mot Sandblåst, der ein går og kan sjå fuglelivet frå stien.

Vi har slik alt ein utsiktsplass med kikkert og informasjon om fuglelivet i Gaustadvagen og ein ferdig tursti langs Gaustadvågen mot Sandblåst, der ein kan sjå fuglivet frå stien og kvile i ein gapahuk før en ruslar ein halvtimes spasertur tilbake til utsiktspunktet.

Turistinformasjon For at turistane skal kome er det viktig at også dei får eit tilbod og vite om kva ein kan sjå når dei er på Atlanterhavsvegen. Det er viktig å kunne tilby ei oppleving i tillegg til Atlanterhavsvegen, slik at dei stoppar lenger i vårt distrikt. Tenker vi nordlyseffekten har vi eit ekstra turisttilbod for turistane med svaner i Gaustadvågen om hausten frå oktober til jul. Dette må det informerast om og lagast tilbod på, etter målsaum for turopplevingar på ein måte som fenger både for leg og lærd. Dette vert utfordringa og vidareføringa som er lagt i handlingsplana for Masterplana for reiseliv til Hustadvika kommune.

Lukkast ein med å gjennomføre dette ser eg ingen grunn til at ein informasjonsvideo om svanene i Gaustadvågen skal spele musikkstykket «Svanesjøen» av Tsjajkovskij, for full styrke som bakgrunnsmusikk, slik fjernsynsfotograf Roar Strøm gjorde i si reportasje om svanene i Gaustadvågen.  Vonar mi aha-oppleving spreier seg som eld i turt gras! Det fortener svanesangen!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal