Det er med sjokk vi har motteke nabovarslet om denne saka. Bygda Søre Midøy er allereie tungt belasta med eit av Møre og Romsdal sin største lokalitet Dryna/Terningen på 6240 tonn MTB. Denne lokaliteten er til stor sjenanse i forhold til bråk, lys, okkuperte pg ødelagte fiskeplassar med meir for lokal befolkninga, andre brukarar og ikkje minst naboar. Der naboar allereie har flytta frå området på grunn av anlegget.

No vert det søkt om dispensasjon for eit tilsvarande anlegg som etter opplysningar frå Salmar vil bli på 4680 eller 6240 t MTB.  Arealbeslaget anlegg + 100 m grense er på 0,25 km2 . Anlegg botnareal inkl. fortøyningar er 0,5 m2 .Altså vi blir omringa av store lokalitetar på alle kantar. Hovedtyngda av bebuarane på Midøya bur her og nesten alle vil bli negativt påvirka av den omsøkte nye lokaliteten som vi får midt i ansiktet.

Rett innafor søknadsområdet ligg Drynjasundvågen, registrert i Naturdatabasen som friluftsområde. Eit flott rekreasjonsområde for bygdefolket, velforeninga, Montesorrieskulen og andre med badeplass, badetrampoline, sandvolleyballbane, naustområde og småbåthamn. Kva er avstanden mellom det omsøkte anlegget og badeplassen?

Sandan friluftsområde ligg litt lenger vekk og er registrert i Naturdatabasen som særs viktig, Også denne plassen vil ikkje unngå avfall frå det omsøkte anlegget når vindretninga kjem frå sør og sørvest.

Garvikhamrane og Garvika som og ligg rett innafor er ein ynda plass for sportsfiskarar og yrkesfiskarar. Dette blir øydelagt .  I tillegg  kjem alle fiskeplassane den nye lokaliteten okkuperar og øydelegg. Eksempelvis er forsprengt sei ingen delikatesse.

Dispensasjonssøknaden  for den nye store lokaliteten ligg under 2 km frå lokaliteten Dryna/Terningen om ein tek vassvegen mellom Dryna og Midøya, altså under brua. Her går det straum ut og inn frå området Drynalokaliteten og til området dispensasjonssøknaden gjeld. Kan ikkje sjå at Salmar har teke dette med i sin søknad.

I dispensasjonssøknaden står det etter det eg kan sjå ingenting om det er landstraum eller diselagregat som skal drive flåten. Det vil bli lyd forureining heile døgnet og lysforureining til stor plage for alle i nærområdet. Øydeleggande for perler av eigedomar. I tillegg har Salmar sjølv bevist forsøpling av strandsona. Om ein går tur i strandsona i Flesja, som ligg eit godt stykke vekk frå sjølve anlegget Dryna/Terningen finn ein mykje søppel som stammar derifrå.

Disp.søknaden nemner arbeidsplassar. Slik Salmar driv er det vel ikkje vesentleg om det er lokale arbeidstakarar el. tilreisande, då dei arbeider skift og har leiligheter dei bur i på land. Dei fleste arb.takarane er allereie tilsett ved Setvika anlegga.  Argumentet er difor ikkje relevant. Eigarskapet er vel og av ein slik karakter at pengane endar på Kypros, så skatt er heller ikkje eit einsidig godt argument.

Vi er fullstendig klar over Molde kommune sitt formål ved å event. godkjenne ein slik dispensasjon. Havbruksfondet vil gi sårt etterlengta midlar i kassa. Desse midlane er heller ikkje øyremerka midlar. Kommunen kan like så godt nytte dei til sjøfronten i Molde sentrum som at dei blir nytta til gangvegar eller liknande for dei som blir belasta av anlegget. Med andre ord, her kan Molde kommune gi løyve til å forsøple området vest i kommunen, utan at dei får sjå eller merke det sjølv. Midsund blir søppelplassen og pengane går til Molde sentrum.

Når ein tenkjer på kor vanskeleg det har vorte å få godkjent byggesøknadar i den nye Molde kommune, der det vert teke hensyn til svaberg og lyng , så vil vel ikkje eit slik dispensasjonsløyve falle i god jord av innbyggarane her ute, skulle ein tru. Ei heller ved ein kontrollinstans.  Arealformålet i det omsøkte området er merka «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone»  Reknar med at eit eventuelt positivt vedtak vil gi presedens for saker på land.

Det fins andre lokalasjonar lenger vekk frå folk enn plassen dispensasjonen gjeld for. Spesielt med tanke på kor mange forskningslisensar som er gjeve til næringa dei siste åra, for å bygge fungerande havanlegg. Næringa påstår sjølv at dei byrjar å få desse til å fungere. Desse lisensane er ein etter ein omgjort til vanlege lisensar noko som ikkje vil gi intensiv for å drive dei noko dyrare anlegga ute i havet. Etablering av fleire nye anlegg så nærme land vil difor vere ei falliterklæring, der pengane er einaste argument.

I ein dispensasjonssøknad skal fordelane oppvege for ulempene og lova kan ikkje vere vesentleg sett tilside. I søknaden er det ikkje argumentert for noko av dette. I tillegg skal ei positivt vedtak ikkje vere påverka av økonomi. Så når dette formålet er fjerna er det vanskeleg å sjå at det skal vere mogleg å gjere eit positivt vedtak i denne saka.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal