Hustadvika Mållag ser med uro på  den manglande interessa  kommunen viser for eigen språkpraksis. Den nye kommunen har ikkje gjort målvedtak. Kommunestyret har heller ikkje sett  administrasjonsspråk eller  språkbruksplan på sakskartet. Sidan kommunen innan utgangen av 2019 ikkje gjorde noko språkvedtak, vart han automatisk språknøytral. (I brevskifte med staten.) Administrasjonsspråket er  ikkje omfatta.

Språket i kommunen er gjort til ei privatsak og ei kommunal ikkje-sak, kan det sjå ut til. Mållaget vil sterkt oppmode om å ta grep i samsvar med den nye språklova, gjeldande  frå 1.01.22, rette  opp og ta igjen det som er forsømt.

Mykje av det forsømte skjedde lenge før  opprettinga av nykommunen. Det var lite språkmedvit å spore og eit fråvær av ansvar  frå før, som berre forsterka seg etter at Fræna kommune gjorde seg språknøytral i 2013 – utan språkplan eller oppfølging av noko slag. Det vart tydeleg klarlagt med saka på Jendem skule (2020-2021), som avdekte lovbrot  og manglande tilsyn. Ein nynorskskule som ikkje gav tilbod om nynorskopplæring! Og berre ein liten detalj: Då det skulle vere skulemålsrøysting i nynorskkretsen, så kom alle kunngjeringar og all annonsering på bokmål.

30% av innbyggarane i Hustadvika kommune krev og får skattemeldinga si på nynorsk. Og fleire skular har nynorsk opplæringsmål. Men mållaget kan ikkje notere eitt einaste aktivt initiativ frå kommunen si side for å gjere nynorsk synleg. Dokument, nettsider og informasjonsbladet  ”I same båt” inneheld berre heilt unntaksvis noko på nynorsk. Rett skal vere rett: Mållaget møtte sist haust stor velvilje og interesse for gratis bokpakkar til barnehagane frå ein av kommunalsjefane.

Mållaget tilrår følgjande:

- Språk må kome på saklista. Temamøte i kommunestyret.  Både folkevalde og  tilsette må få høve til skulering.

- Språkbruksplan med klare føringar må utarbeidast og vedtakast.

- Minst 30% av alle dokument må vere på nynorsk. Nynorsk må vere synleg bruksspråk på alle felt. Særleg på nettsider og  i informasjonsblad.

- Elevane skal ha nye fysiske lærebøker etter Fagfornyinga. Gjeld både bokmål og nynorsk.

- Kommunen må berre ta i bruk digitale læremiddel som finst både på bokmål og nynorsk.

- Språklova. § 1 tredje ledd: Det offentlege ”har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.” Hustadvika kommune bør ha føresetnader for å greie det. Og vi kan til sist minne om: § 4 , andre ledd:  ”Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.”

Fråsegn frå årsmøtet i Hustadvika Mållag 8.02.22

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal