Viss ein bygger ny E39 mellom Astad og Bjerkeset, så vil ikkje ein meter av den gamle vegen bli lagt ned. I tillegg til all dyrkajorda som har gått med til eksisterande vegar, vil nye dekar gå med til nyvegen. Sjølv alternativa som tar minst dyrkajord vil ta mykje dyrkajord.

Nyvegen vil ha svært dårleg innverknad på kollektivtrafikken. Viss ekspressbussen skal køyre i 50-sone samtidig som privatbilane køyrer nesten dobbelt så fort, så blir det fleire som vel eigen bil. Køyrer bussen på den nye vegen, er det heller ingen passasjerar i vegkanten.

Kva er det eigentleg vi treng i framtida? Vi må køyre mykje mindre, og då treng vi ikkje rettare og breiare veg. Då treng vi heller eit bra busstilbod. Dessutan treng vi matjord å dyrke maten vår på.

Alt dette peikar i same retninga: Det er tullete å bygge raskare veg mellom Astad og Bjerkeset. Det burde det vere mogleg å bli samde om. Legg bort dei nye planane så fort som mogleg - bruk pengane på noko anna.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal