Kvar kjem desse titals million kr frå i Statens vegvesen, og kven har gjeve dei løyve til å forbruke dette når Møreaksen er milevis frå å kunne bli realisert?

Statsbudsjettet frå regjeringa viser dette. Dei 6 store veiprosjekta her i Norge er teke ut og blir ikkje videreført. Dette er prosjekt til samla mange titals milliard kr.

Såleis er det slått fast ein gong for alle at Møreaksen er skubba langt ut i kulden, svært langt og vil ikkje kunne kome i nokon som helst realistisk posisjon på mange tiår fram i tid.

Kven har gjeve Statens vegvesen region Midt løyve til å vere ein «stat i staten» som verken bryr seg om regjeringa eller realisme? Det er verkeleg på tide at nokon med nødvendig mynde begynner å ettergår Statens vegvesen region midt sin vanvittige pengebruk. Møreaksen er og blir skrinlagt, då må resten av Møre og Romsdal snart bli både sett og prioritert.

Livsfarlige vegstreknigar med mengder av ulykker må prioriterast. E39 Veibust- Blindheimstunellen- Moa er døme på eit slikt prosjekt, og mengder med andre viktige vegar her i fylket.

Historia vil vise galskapen ikring Møreaksen, og korleis det var mulig å kaste vekk fleire hundre million kr, mange år med planlegging på eit totalt dødfødt prosjekt, eit prosjekt folket ikkje ville ha, men som ein «stat i staten» ville gjennomføre likevel!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal