Også om ein ser bort frå problema med lus og rømming, er dagens metode med opne anlegg ikkje berekraftig på grunn av varig forureining av området med miljøgifter som mellom anna kadmium, arsen, bly og koppar. Spesielt blir botndyr som krabbe fanga nær anlegga farlege å ete, men smått om senn vil dette kunne spreie seg oppover i økosystemet i sjøen, og utover til større område.

Forureining frå industri har gjort at Mattilsynet åtvarer mot å ete visse typer sjømat frå somme område i norske fjordar. Ein kan finne oversikt over dette på internett. Sørfjorden i Hardanger er eit døme på ein fjord med så høge nivå av metalla kadmium, bly og kvikksølv og dessutan kjemiske stoff av typen dioksinar og PCB at det vert tilrådd å ikkje ete krabbe, skjel eller fisk frå delar av fjorden. På Mattilsynet sine nettsider finn me åtvaringar som «Ikke spis selvfanget krabbe fra Salten» og «Barn, gravide og ammende bør ikke spise brun krabbemat». På grunn av tiltak som er gjort, er situasjonen generelt når det gjeld miljøgifter blitt betre dei seinare åra. Det finst likevel somme viktige unntak, som har fått lite merksemd i media. Havbruk er eitt av dei.

Utanom lakseforet som inneheld ei viss mengd av ymse miljøgifter, der ein del hamnar i sjøen enten som u-eten mat eller som fiskeavføring, brukar oppdrettsindustrien store mengde koppar til impregnering av oppdrettsnøter, i 2019 om lag 1700 tonn (Havforskningsinstituttet). Åtti-nitti prosent av kopparen lek ut att og hamnar på sjøbotnen, med større eller mindre spreiing avhengig av lokale straumtilhøve. Det same gjeld andre giftige metall som kadmium, kvikksølv, bly og arsen. Dette er giftstoff som heller ikkje forsvinn over tid. Mengda giftstoff byggjer seg opp meir og meir jo lengre området blir brukt. Det forureina området blir varig forgifta.

Krabbe er eit botndyr som er særleg utsett for å samle opp miljøgifter som hamnar i slammet på sjøbotnen. Forfattaren har sjølv studert ei gruppe hobbyfiskarar frå Grenlandsområdet som åt krabbar frå  foreina sjøområde der nede, i strid med tilrådingane frå Mattilsynet. Vi fann då skadelege forandringar i immunsystemet hos ein del av krabbeetarane. Andre undersøkingar som vi gjorde av immunsystemet og førekomsten av infeksjonar hos barn i Oslo-området, viste ein samvariasjon mellom mora sitt inntak av dioksinliknade stoff under graviditeten og infeksjonar hos barnet første leveåret. Saman med studiar frå utlandet, viser dette at miljøgiftene påverkar helsa vår slik me har det i dag. I Oslo-undersøkinga var det ein skadeleg effekt som for dioksinane var doseavhengig heilt ned i det området som Mattilsynet då rekna som trygt. Grensa for kva mengd som vert rekna som trygt, er seinare sett mykje lavare.

Forskarar ved NTNU (Ervik og medarbeidarar) har sett på forureininga i sjømat frå Mausund-området på Frøya, eit viktig oppdrettsområde sidan midten av 1990-talet. Resultata varierte som rimeleg er mellom anlegga – ein vil naturleg vente at både kor mykje fisk det er i anlegget, kor lenge anlegget har vore i bruk og dei lokale straumtilhøva i sjøen vil verke inn på nivået av forureining under og ved anlegget, og med det i dei dyra som lever der. I somme anlegg fann ein at nivået av kadmium og koppar var 1,6-2,4 gonger høgare i brunmat frå krabbe fanga 80 meter frå anlegget samanlikna med krabbe teken 1000 meter frå anlegget. Det var òg ein betydeleg auke av giftnivået i løpet av seks år, 137%  for kadmium, for kvikksølv 133%, arsen 31% og bly og koppar begge 22%.  Det var sterk samvariasjon mellom førekomsten av kadmium og koppar, noko som tyder på at kjelda for dei giftige metalla var den same.

I 2018 hadde brunmaten i dei undersøkte krabbane, som vi i Noreg et, ein medianverdi for kadmium på 3,7 mg/kg våtvekt, og ein maksimalverdi på 63,1 mg/kg våtvekt. Dette er 7 og 126 gonger høgare enn verdien på 0,5 mg/kg våt vekt som er sett av styresmaktene som øvre grense for kva som er tillate for kvitt krabbekjøt. Underleg nok er det ikkje sett nokon maksimumsverdi for brunmaten – i Noreg èt vi jo både det kvite kjøtet i klørne, rogna og brunmaten, og det er i brunmaten (svarar mellom anna til levera) at den største mengda av giftstoffa samlar seg. Mattilsynet åtvarar gravide mot å ete brunmat frå krabbe, på same måten som dei åtvarar gravide mot å ete måseegg, men somme meiner at åtvaringa mot brunmat frå krabbe burde gjelde alle.

Kor farleg det er å ete forureina krabbe, kjem elles sjølvsag ikkje berre an på nivået av miljøgifter, men og kor mykje krabbe vi et. Det det verknaden over tid, mellom anna skade på immunforsvaret og auka risiko for kreft (kadmium) som er problemet.

Dette viser at den tradisjonelle måten å drive lakseoppdrett på ikkje kan kallast berekraftig, men representerer ein «cowboy-økonomi» der ein tek for seg av naturressursane – her sjøområda  - og ‘brukar dei opp’ i høve til framtidig sjømatproduksjon og hobbyfiske. Oppdrettsindustrien er ei viktig næring som vi ønskjer i ei svolten verd, jamvel om utbyttet av foret rekna som mat (ikkje som slaktevekt av skrotten) er noko større frå kylling og gris enn frå oppdrettslaks. Noko må likevel gjerast.

Vi ønskjer ikkje at all sjømat i fjordane våre etter kvart kan bli helsefarleg og ikkje etande.  Det er all grunn til å få slutt på oppdrett i «opne» anlegg, og få fisken over i lukka anlegg enten på land eller i ‘egg’ eller liknande i sjøen.  Dette under føresetnad av at avfallet vert samla opp og handsama på ein god måte.  Sjølv om vi har mange fjordar og sund, har vi ingen fjordar og sund å miste for framtidig  matproduksjon og rekreasjon. Lukk laksen inne!

Forfattaren er professor emeritus ved NTNU (miljømedisin), og var i mange år ekspert for EU sitt matsikkerheitsorgan EFSA og den norske vitskapskomitèen for matsikkerheit (VKM).

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal