Det blir kanskje fakkeltog neste år også, men vi får faktisk utretta mykje, og vi står samanlikna med mange andre, godt rusta for framtida. Det mest alvorlege er krig, sosial uro og at vi er i ferd med å sprenge naturen si tolegrense. Epidemiar, mangel på mat, vatn, god helse, utdanning og vern mot klimaendringane er daglege utfordringar mange stader på kloden. I Norge har dei fleste enda det svært bra, og mange  - bør difor bidra meir og krevje mindre, i staden for å bli skatteflyktningar.

Høgre ville kutte overføring til fylkeskommunane med 1,4 mrd. – så det ville blitt mindre til ferje, vegvedlikehald, skule og kultur. FrP foreslo meir pengar til vedlikehald og rassikring av fylkesveg, men ikkje noko til ferje og skule.

Statsbudsjettet frå AP/SP-regjeringa prøver å bremse prisstigning og rente og det går også ut over satsingar i fylka og kommunane. Regjeringa vil omfordele frå dei som har nok til dei som treng meir. styrke det organiserte arbeidslivet og stoppe arbeidslivskriminalitet. Det er mellom anna viktige satsingar på barn og på ungdom og yrkesfagleg utdanning.

Fylkestingsgruppa i SP er likevel usamd ifleire av prioriteringane:

Budsjettet skjermar enda ikkje godt nok dei som har minst.

Innretninga på den auka skatten for næringslivet ser ut til å truge arbeidsplassane i distrikta. Budsjettet legg stort press på offentlege velferdstilbod. Møre og Romsdal mistar støtte til statlege arbeidsplassar.

Men trass i usikre og utfordrande tider meiner vi at budsjettet til fylkeskommunen er eit solidarisk og bra budsjett, og viktig for folk i heile fylket. Det er ikkje rett som Frank Sve hevdar at fylkeskommunen «lever i sus og dus og renn over av byråkratar» som ikkje har arbeid å gjere. Både fylkeskommunedirektøren og fleirtalet har kutta i stillingar, og når investeringar blir stoppa eller utsett, blir sjølvsagt bemanninga tilpassa det. Mange av våre tilsette står på langt ut over det vi kan vente for å løyse oppgåver, for å hjelpe elevar i vidaregåande skule, for å halde vegane opne for snø, storm, flaum og ras, som eksempel.

Fylkeskommunen sin økonomi er særleg pressa fordi vi ikkje får kompensert for den enorme prisveksten på drift av ferje, båt og vedlikehald på veg. Berre på samferdsel er det ein prisvekst på 300 mill. neste år. Ferje brukar 200 mill. meir enn vi får dekt frå staten.

Vi hadde store forventningar til at AP/SP skulle innfri meir på underfinansieringa av ferje og vegvedlikehald. Det er særleg viktig i eit tid der vi treng auka beredskap og næringsutvikling i heile landet. Slik vart det ikkje. Det betyr at vi står i den vanskelegaste budsjettprosessen på mange år. Eit ekspertutval har nyleg lagt fram forslag til nytt inntektssystem, der Møre og Romsdal får kutt på nesten 200 mill.

Under mottoet «trygg økonomisk styring» og «ta heile fylket i bruk» har samarbeidspartia AP, SP, KrF, MDG og V likevel fått til å prioritere mange gode tiltak i åra som kjem:

 -          Aukar budsjettet til vidaregåande skular med 18 mill

-          Skjerme kultursektoren for kutt og sette av midlar til Senter for berekraftig arealforvaltning, Skaparkraft og by- og tettstadsutvikling

-          Oppretthalde tannklinikken på Eide

-          Ikkje auke billettpris på FRAM Ung og la lærlingar over 24 år også få same rabatt, ikkje auke prisen på hurtigbåt (Kystekspressen er det Trøndelag som bestemmer), gje tilskott til Sundbåten i Kristiansund for å halde fram med gratis transport

-          Oppretthalde bestillingstransport i 2023 og utbetre kollektivtilbodet mellom tidlegare Hornindal kommune og Volda

-          Starte arbeide med gang- og sykkelveg Bådalen -Vebenstad seinast i 2024, og andre prioriterte prosjekt i 2026.

-          Auka satsing på trafikksikringstiltak, sette av 5 mill/år og sette av midlar til forsterkingsarbeid på fylkesvegane

-          Sette av midlar til varsling av skred (Grandefonna) og arbeide vidare med planlegging  av rassikring i Norddalsstranda, Otterdalsstranda og Eikesdalen og Todalsfjordprosjektet

-          Arbeide vidare med pilotprosjekt for flytande ferjekai Aure-Hitra i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune

-          Utarbeide grunnlag for etablering av 0-utslepps hurtigbåt i Ålesundsregionen

-          Arbeide for å samordne kollektivtransport og pasientreiser for å sikre kollektivtilbod og anstendige løns- og arbeidsvilkår i drosjenæringa 24/7 i fylket

-          Vi må gjennomføre nokre kutt i ferjetilbod i 2023 fordelt slik vi meiner det får minst negative konsekvensar og det blir mindre til asfalt og vegvedlikehald

Vi vil bruke ein del av inntektene frå havbruksskatten framover til å sikre tenestetilbod, som t.d. vgo innanfor akvakultur, arbeid med berekraft og vassforvaltning og å bidra litt til å sikre ferjetilbodet for næringslivet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal