Møre og Romsdal fylkeskommune må kutte betydeleg i budsjettet. Kraftig drivstoffprisauke og null kompensasjon frå staten i resten av kostnadsauken fører til svært store problem. Kostnadane innan drifta av ferjer, kollektiv og fylket generelt medfører full kollaps i økonomien.

Kommunane opplever det same, og løyvingane til kommunane frå SP og AP blir som lommerusk i den store samanhengen. Som om ikkje kommunane hadde det vanskeleg nok, så presterar altså Vedum, SP og AP å innføre grunnrenteskatt på straumproduksjon.

Kraftbransjen varslar full stopp i utbytte til kommunane og stopp i investeringane. Tafjord kraft som ein av dei store i regionen, varslar stopp i både utbytte og investeringar. Dette fører til ytterlegare krise i kommuneøkonomien med bakgrunn i forventa kraftinntekter i budsjetta.

Enda ein gong ser vi SP og AP i praksis, der spesielt «glupinga» i AP her i fylket snakkar om å ramme kun «rikingane». Resultatet no vert kutt i tjenester til alle «vanlege folk» rundt om i kommunane, kutt i eldreomsorg, skule og barnehage, og mindre til dei som har lite frå før. SP og AP burde skamme seg, når landet og regjeringa vasser i hundrevis av milliardar i ekstrainntekter utover vedteke nasjonalbudsjett.

FrP vil kutte avgifter på drivstoff, kutte andre offentlige avgifter som ikkje medfører auka pengebruk og press i økonomien. Dette ville verke direkte positivt i alle kommunar sine budsjett, og sjølvsagt positivt for vanlige folk. Kutt i avgifter er også inflasjonsdempande og eit viktig bidrag for å kunne holde renta nede.

Dessverre må vi fortsette nokre år å sjå på at raudingane raserar landet, kommunane og vanlege folks økonomi. Kunne ein lyst ut nyvalg kunne vi skifta ut Vedum og Støre-regjeringa, det hadde vore det einaste rette no.

SP og AP i praksis har vi alle fått meir enn nok av.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal