Den 12.mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille nynorsk med bokmål ( for å bruke nemningane me har hatt sidan 1929). Dette politiske jamstillingsvedtaket var eitt av fleire viktige demokratiske vedtak på denne tida.

Full reell jamstilling har me likevel aldri sett i praksis sjølv om mykje har retta seg og betra seg. Den nye språklova er svært tydeleg – men ho må etterlevast. Kva kan me oppfordre til på ein dag som denne? Kanskje følgjande:

- Barnehagane. Har alle eit godt utval med nynorskbøker? Lærer dei songar og regler på dialekt og nynorsk? Og viktig: les høgt for borna! Det bør òg alle foreldre gjere.

- Skulane. Høgtlesing, kreative skriveoppgåver og tematisering av nynorsk i Romsdal  på ulike nivå og klassesteg. Har skulen abonnement på Framtida jr og/eller Norsk barneblad? Still krav om like gode digitale læremiddel for nynorsk som bokmål. - Brukar de  undervisningsressursane frå Nynorsksenteret?

- Kommunane. Mange er språknøytrale utan nokon språkplan. Ingen har noko pålegg om å skrive bokmål – sjølv om mange trur det.  Vår oppfordring er å ta nynorsken i bruk, vis han fram, syn at kommunen kan vere tospråkleg – slik intensjonen i språklova er. Kommunedirektørar og ordførarar kan vise veg J

- Næringslivet, private verksemder. Her veit me at det gjeld å bli lagt merke til. Det burde store og små romsdalsbedrifter/verksemder skjøne: Gjer det ved å bruke nynorsk i presentasjon og marknadsføring!

- Medie-og kulturlivet: Både aviser og andre publikasjonar på papir og nett har eit forbetringspotensiale. Artistar som Knut Marius Djupvik, Bjørn Tomren , Jorun Marie Kvernberg m.fl. profilerer den nynorske tonen og det  romsdalske på framifrå vis.

Nynorsken lever godt i mange samanhengar i Romsdal. Men det er lov og ønskjeleg at fleire tek han i bruk – både einskildpersonar, institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Mange vil oppdage ein rikdom dei kanskje ikkje har visst om?!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal