Kommunen ha stelt seg slik at han har fått påviseleg dårlegare kår gjennom sju år. Kommunen ser det kan hende ikkje, for der er det mest av alt opptatt med å spare pengar til lystige tiltak. Vi som næraste pårørande har sett det som små drypp av endringar som over tid blir som ein flaum av forringa levekår.

Innleigde konsulentfirma – frå Trondheim, og innkjøpte rapportar og plandokument – frå Sandnes kommune, har ført til endring til det dårlegare i bemanning og tenester. Det har gjort at det som kan hende var den beste kommunen, no er i ferd med å bli ein middelmåtig kommune. Snart kjem tilbakegangen til å ende med Trondheimstilstandar.

I sju år har mannen venta på nytt hus tilrettelagt særskilt og individuelt for han, til erstatning for det nedslitne og ueigna no 43 år gamle huset som alle var så glade for at han fekk for sju år sidan. Kommunen har ikkje gjort stort. Dei har sett av ein slum med pengar, men berre til planlegging av noko dei verken veit kor dei vil ha eller korleis det skal sjå ut; ikkje for den eine, men for ti på same tomta.

I mellomtida vil dei brått og med det same sette igang omfattande bygningsendringar i og rundt det 43 år gamle huset; hos ein som ikkje toler verken støvsugaren, kjøkenmaskina eller grasklypparen hos naboen. Då seier vi gamle NEI!

Held kommunen på slik, så er Molde i alle fall på full fart inn i tilstandar som i Trondheim; ulevelege tilstandar. Kommunen har hatt 7 år på seg. No hastar det. Så få ut fingeren!

Kor skal vi flytt hen?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal