Blar du opp for folket på Kviltorp samferdsleminister Jon-Ivar Nygård? Det kan du godt gjøre for det er billegare å bygge tunell frå Bolsønes til Lergrovika enn å bygge 4-felts motorveg! Møreaksen ligg fast, seier samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Ditt skryt av Vegvesenet står seg ikkje om vi ser på konsekvensane for Moldes befolkning. Til kommunestyrets behandling i 2017 seier Vegvesenet at tunell er 500 millionar dyrare. Nye lokale overslag viser at tunell kan bli opp til 700 mill billegare! Utrekningane setter Vegvesenet truverd i eit dårleg lys.

Men skal Arbeiderpartiet som Høgre bli forkjempar for at Staten skal tvinge ein motorveg gjennom bustad og rekreasjonsområde kan dette bli moro! Høgre hadde tre stortingsrepresentantar før forrige val no har dei ein. Velkommen etter samferdsleminister Jon-Ivar Nygård med å tvinge ein Europaveg gjennom Molde når all statlig politikk går ut på legge trafikken utafor bysentra.

Forslag SV og MDG i siste møte for teknisk utval i Molde:

«Detaljreguleringa for E39 Julbøen – Molde legges ikkje ut på høring då naturinngrepa i Moldemarka er for store og muleg bruk av allereie eksisterande veg ikkje er gjort greie for. E39 foreslås lagt i anna trase utanfor Molde eller i tunnell frå Julbøen til Lergrovik.

Forslagstiller viser til Statens vegvesen, region Midt sitt arbeid i Steinkjer der ein samlar inn trafikkdata for å se på om ein eventuelt kan legge E6 utanfor byen fordi erfaringa frå 2005 då ein la trafikken i rundkjøringer gjennom byen er dårleg for trafikkflyt og miljø.»

Dette forslaget falt i Teknisk utvalg.

«Molde kommunen ber om å få skriftleg avklaring frå Vegdirektoratet på avkjøring frå tunell på Reknes. Blei enstemmig vedtatt som oversendelsesforslag.»

Og bit deg merke i dette Jon-Ivar Nygård at Vegvesenet har tenkt at trafikken som skal til Molde skal kjøre gjennom Molde i tunell til Bolsønes for så å kjøre tilbake igjen om de skal til sentrum. Vegdirektoratet nektar visstnok avkjøring frå tunell til Reknes. Dette veit vi ikkje, men Vedirektoratet har visstnok muntleg sagt at slik må det være. Dette utviklar seg til reine Molbo historia.

Eg meiner at el-ferje og Romsdalsaksen er gode alternativ til Møreaksen. Men skal du Jon-Ivar Nygård gå mot alle statlege råd og presse ein Europaveg gjennom Molde får du i det minste bla opp pengar til tunell mellom Bolsønes og Lergrovika. Og no er det billegare enn 4-feltsvegen til Vegvesenet.

Bjørn Jacobsen, fylkesleiar Møre og Romsdal SV