Elendighets beskrivelser vart framført gjennom tiår etter tiår utan å bry seg nevneverdig om verken fakta eller sanning.

Facit-svara og tilfredsheten frå innbyggjarane og brukarane når eksempelvis Krifast, Eiksund og Atlanterhavsveien vart tatt i bruk, er vel utan tvil entydig positiv.

Møreaksen-prosjektet har gjennomført alle pålagte krav og utredninger lokalt, regionalt og nasjonalt. Stortinget prioriterte deretter Møreaksen med eit stort og overveldande fleirtal når Nasjonal transportplan 2022-2033  vart behandla i stortingssalen.

No er Møreaksen-prosjektet i innspurten av kvalitetssikring 2 (KS2). Deretter som kutyme og vanlig, vil bompengeproposisjonen kunne legges fram for vedtak i Stortinget.

Når krigerske påstandar om Møreaksen sitt nådestøt vert publisert som fakta,  er det grunnlag for å minne om følgjande: Billigere og gratis ferjer er ingen ulempe for Møreaksen - heller tvert imot. Staten sine auka ferjekostnader blir  derfor eit godt incitament for å kunne iverksette og erstatte ferjesambanda med Møreaksen /Kjerringsundet. Derfor er og blir dette ein positivitet til nytte og glede. Verre er det vel ikkje.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal